Sp-Sande: Pressar Ap med fleirtal for endring av privatskulelov
Snart ti mÄnader er gÄtt sidan han sat med Ap i regjering. No sit Erling Sande (Sp) pÄ Stortinget - i eit fleirtal som kan endra privatskulelova.
Kortversjonen
To mogelege utfall
Klagen pÄ avslaget
Kan bli ny runde
Har sagt ifrÄ til «Kari kunnskap»
Breen: Overstyring
Mehl-angrep pÄ Breen
Lytt til saken
â Dette er ei kjempeviktig sak for Senterpartiet. Her handlar det om eit stort geografisk omrĂ„de som kan ende opp utan vidaregĂ„ande opplĂŠring, seier Sande til VG.
Han sit i peisestova i komitéhuset pÄ Stortinget. Det knitrar ikkje i peisen. Men det glÞder i augene pÄ tidlegare kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Han tek over der partifellene Emilie Mehl og Marit Knutsdotter Strand slapp. MÄlet er at den nyoppstÄtte skulen i Lom - skal bli godkjend og permanent som privatskule etter nedlegginga av den og fem andre skular og skulestader i juni.
For at det skal skje, er det to mogelegheiter, ifĂžlgje Sande:
Den aktuelle Jotunheimen Privatistskule i Lom har mÞtt pÄ fleire hindringar.
SjÞlv om skulen som opna i haust med folkefest i Lom, driv pÄ med mange av dei tilsette frÄ nedlagde Lom vgs, sÄ tilrÄdde fylkestinget (Ap, HÞgre og MDG) i Innlandet med eit minst mogeleg fleirtal - eit nei til godkjenning.
SÄ sa ogsÄ Utdanningsdirektoratet nei. Og det er dette avslaget som no blir klaga inn til endeleg avgjerd i Kunnskapsdepartementet.
I klagen pÄ avslaget blir det vist til feil i framskrivingane pÄ elevtal i hÞve til SSB sine hovedalternativ. Samt at det blir klaga pÄ at Utdanningsdireltoratet i sitt avslag ikkje har teke distriktspolitiske omsyn og har vurdert saka som om det ikkje finst ein eksisterande privatistskule i Lom.
Les meir om klagen her:
Konklusjonen i klagen pÄ avslaget om godkjenning av privatskule og statsstÞtte - frÄ Jotunheimen privatistskule og adv.firma Elden:
Styreleiar og primus motor for den aktuelle skulen i Lom, Hanna SkjÄkÞdegÄrd, har tru pÄ klagebehandlinga i KD.
â VĂ„r vurdering er at skulen bĂžr godkjennast etter dagens lovverk, difor har vi stor tru pĂ„ klagebehandlinga. Om vedtaket stĂ„r seg, er det derimot tydeleg at lova ikkje fungerer slik den er tiltenkt, og dĂ„ vil det vere behov for endring, seier ho til VG.
Erling Sande i Sp er samd:
â Dersom vedtaket skulle bli stĂ„ande vil vi i praksis sjĂ„ at privatskulelova dĂ„ inneber ein vetorett for fylkeskommunane, og det var aldri tanken i den lova vi var med Ă„ sikre fleirtal for. I staden ville vi at lova skulle ha ein viktig ventil gjennom fylkestinget si tilrĂ„ding, presiserar Sande.
Han legg til at dersom regjeringa no skulle lande pÄ same konklusjon som Udir og Innlandet, sÄ blir det «garantert» ein ny diskusjon om privatskulelova si innretning i Sp.
â Du pressar regjeringa med at dersom dei ogsĂ„ seier nei til Lom - sĂ„ gĂ„r Sp med i eit stortingsfleirtal for Ă„ endre privatskulelova?
â Poenget er at dette er jo realpolitikk. Vi meinar at privatskulelova er viktig Ă„ bruke for Ă„ imĂžtekome slike skuleinitiativ som i Lom. SĂ„ dette er eigentleg ein prĂžvestein for lova. Og vi er ikkje interessert i Ă„ stĂžtte ei lov som blir til ei maskin for sentralisering og nedlegging av skuletilbod rundt omkring i landet vĂ„rt, svarar Sande.
Han har signalisert tydeleg kva som er Senterpartiet sitt standpunkt i denne saka til sin gamle regjeringskollega - kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
â Eg har sagt tydeleg ifrĂ„ om kva vi meiner om denne saka, seier Erling Sande.
FylkesordfÞrar Thomas Breen (Ap) i Innlandet irriterer seg over den sterke statlege innblandinga i saka frÄ Stortinget.
â Det vil vĂŠre svĂŠrt oppsiktsvekkande om det blir eit fleirtal for dette, fordi det i praksis vil vere ei overstyring av det forvaltningsnivĂ„et som har ansvaret, sa Thomas Breen til VG etter at Frp sin Simen Velle varsla at Stortinget burde overprĂžve fylkestinget og Udir - og godkjenne Jotunheimen privatistskule som privatskule med offentleg stĂžtte.
I same sak kom det fram at Venstre-leiar og tidlegare kunnskapsminister Guri Melby fremja eit forslag pÄ Stortinget som i praksis er det same som Senterpartiet no kan skape fleirtal for - dersom regjeringa ogsÄ seier nei til godkjenning av skulen i Lom.
I forslaget heiter det at*: «Stortinget ber regjeringa fremje for Stortinget ei endring i Privatskolelova § 2-1 fÞrste ledd femte punktum, slik at uttalelsar frÄ vertskommunen eller vertsfylket ikkje lenger skal tilleggast «vesentleg vekt».*
â Vi kan ikkje sitje roleg og sjĂ„ pĂ„ at Lom og Nord-Gudbrandsdal ikkje fĂ„r det opplĂŠringstilbodet som dei pĂ„ eiga hand har stabla raskt pĂ„ beina, held Erling Sande fram til VG.
â Kva med Sp som ein trufast tilhengar av at lokaldemokratiet kan bestemme over sin eigen skulestruktur?
â Her mĂ„ vi vere tydelege. FĂžrst gjorde Innlandet eit vedtak i 2024 pĂ„ utforming av sitt eige skuletilbod, altsĂ„ det skuletilbodet som fylkeskommunen har ansvar for. Vi var ueinige i det og desse skulenedleggingane. Men dei var i sin fulle rett til Ă„ bestemme over det. SjĂžlv om det var nokon frĂ„ oss som sa veldig tydeleg i frĂ„, seier Sande og held opp eit bilete av Emilie Mehl.
Den dÄverande justisministaren - fekk refs av sin eigen statsministar StÞre for hennar omtale av fylkesordfÞrar Thomas Breen (Ap) i Innlandet.
â No er det eit initiativ for ein privatskule i Lom som skal behandlast. Det er ei statleg sak der fagdirektorat og departement skal avgjere om dette blir mogeleg. Det som i praksis skjer er at Innlandet fylkeskommune fĂ„r vetorett, beklagar Sande.
I mellomtida driv skulen for rundt 90 elevar som ein privatistskule. Det betyr at skulen er utan naudsynt godkjenning for Ä vere ein vgsvgsVidaregÄande skule med standpunktkarakterar og offentleg stÞtte. Men lokale krefter har samla inn heile 70 millionar kroner til skuledrift, men som privatistskule.
PengestÞtten til godkjende privatskular utgjer 85 prosent av det elevane pÄ offentlege vidaregÄande skular kostar samfunnet.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) skriv i ein sms til VG at ho enno ikkje har fÄtt klagen frÄ Jotunheimen privatistskule pÄ bordet, og at ho ikkje vil uttale seg fÞr ho har behandla ein klage.
- Erling Sande (Sp) truar med at Sp vil stÞtte ei endring av privatskulelova for Ä sikre vidaregÄande opplÊring i Lom.
- Sp vil gÄ inn for ei slik endring dersom ikkje regjeringa godkjenner skulen som privatskule.
- Mogelegheitene for godkjenning er at ei klage pÄ avslaget blir teken til fÞlgje av Kunnskapsdepartementet- eller ei lovendring for enklare godkjenning av privatskular.
Klagen pÄ vedtaket blir levert inn av Jotunheimen privatistskule i samarbeid med advokatfirma Elden denne veka.
Anten gir Ap-regjeringa og KDKDKunnskapsdepartementet. Politisk leia av 1) Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) - ansvar for barnehage, grunnskule og vidaregÄande opplÊring. 2) Forsknings- og hÞgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap). den omstridde skulen i Lom medhald pÄ ein klage pÄ avslaget pÄ godkjennning frÄ Utdanningsdirektoratet.
- Eller: Eit fleirtal pÄ Stortinget endrar privatskulelova slik at fylkeskommunane sine tilrÄdingar blir mindre tungtvegande - og det blir lettare Ä starte privatskular med offentleg godkjenning og Þkonomisk tilskot.