Herold

Trafikkulykke på Dalsfjordvegen

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-03-23 14:43:30
Trafikkulykke på Dalsfjordvegen

Ein bil skal ha gått rundt, men hamna på hjula att. Naudetatane er på veg.

Klokka 15.40 vart det meldt om ei trafikkulykke på rv. 57 Dalsfjordvegen.

Ein bil skal ha gått rundt, men skal no stå på hjula, opplyser Operasjonssentralen i Vest politidistrikt måndag ettermiddag.

Éin person skal vere involvert, men ifølgje politiet har vedkommande komme seg ut av bilen og seier seg uskadd. Airbag skal ikkje vere utløyst, og bilen skal stå utanfor vegbana.

Naudetatene er sendt til staden, og skal no vere på plass.

Også bilbergar er ved ulykkesstaden.

Firda oppdaterer saka.

🏷️ Extracted Entities (3)

Dalsfjordvegen (entity) Operasjonssentralen (entity) Vest (entity)