Herold

Klart for konfirmantane sin fasteaksjon: – Ta godt imot dei!

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-03-23 18:44:00
Klart for konfirmantane sin fasteaksjon: – Ta godt imot dei!

Tysdag 24. mars er det klart for konfirmantane sin årlege innsamlingsaksjon i Kinn.

– Til trass for ei verd full av kriser kan vi saman gje menneske håp, gjennom Kirkens Nødhjelp og konfirmantane sin innsamlingsaksjon denne våren. Ditt bidrag kan både redde liv og skape gode liv, seier kateket Rita Hesvik Frøyen og sokneprestane Fridleif Lydersen, Lisbeth Nygård og Erling Bakke Nydal.

Kvart år er folk i heile Noreg med på ein stor dugnad – Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, som er den nest største bøsseaksjonen i landet. I veka før påskeferien går rundt 40.000 konfirmantar og andre frivillige frå dør til dør over heile landet. Også her i Kinn samlar konfirmantane inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

– Vi veit at vi som bur i Kinn kan gjere ein forskjell der ute. Vi ser kvart einaste år kva Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon bidreg til. Den gjer det mogeleg for Kirkens Nødhjelp å gi støtte i humanitære kriser som Ukraina, Gaza og Sudan. Den gjer det og mogeleg å drive langsiktig utviklingsarbeid, fortel dei.

Bidraget til verdas sårbare, både frå dei som gjev og som samlar inn, har kanskje aldri før vore så nødvendig som no. Samtidig som ei rekke enorme kriser utspeler seg i verda, har ei rekke rike land kutta massivt i bistanden, poengterer dei.

– Når konfirmantane i Kinn kjem på døra di, håpar vi du vil vere med på konfirmantane sin viktigaste dugnad i vår. Vi ser at det nyttar!

🏷️ Extracted Entities (10)

Kirkens Nødhjelp (person) Kinn (entity) Erling Bakke Nydal (person) Fridleif Lydersen (person) Gaza (entity) Lisbeth Nygård (person) Noreg (entity) Rita Hesvik Frøyen (person) Sudan (entity) Ukraina (entity)