Plutseleg stod blomsterseljaren i stova: – Ho blei så redd
Plus
Torunn Solheim si 99 år gamle mor kom gråtande inn etter eit uventa besøk. No ber ho folk om å vere varsame.
– Eg sprang ut døra for å sjå om eg såg han, men eg fann han ikkje, seier Solheim.
I helga dukka dei første meldingane om pågåande blomsterseljarar opp, då først i Sogn og på Skei.
Måndag har det kome fleire meldingar om liknande opplevingar i Naustdal. Firda har også fått fleire tips om ubehagelege opplevingar, deriblant frå Torunn Solheim.
Ho er styreleiar og bebuar i Hotellhagen, som har 25 leilegheiter. Mor hennar på 99 år bur i naboleilegheita og er blant dei som fekk besøk frå ein blomsterseljar måndag ettermiddag.
Ville ha 1000 kroner
I 16-tida kom Solheim tilbake til si eiga leilegheit. Kort tid etter kom mor hennar på besøk, tydeleg oppskaka og fortalde om hendinga.
– Ho kom grinande inn døra og fortalde at det hadde vore ein fyr inne hos henne og lurt henne.
Mor hennar fortalde at ein mann plutseleg hadde kome inn døra og stod i stova hennar. Han skal deretter ha fortalt henne at han samla inn pengar til kriseråka barn og ville selje henne ein bukett med roser til 1000 kroner.
– Då ho svarte at ho ikkje hadde så mykje pengar tilgjengeleg, skal han ha spurt kor mykje ho hadde. Då skal mor mi ha gått for å finne lommeboka si, medan mannen gjekk etter henne.
Fekk fleire meldingar om pågåande blomsterseljar
Oppsøkte fleire
Solheim fortel at mor hennar skal ha enda opp med å kjøpe ein bukett med roser til kring 400 kroner.
Mannen skal ha vore hos henne rundt klokka 15:30. Solheim fortel at hendinga gjekk sterkt inn på mor hennar.
– Ho blei så redd. Eg blei sjølv heilt ifrå meg og gjekk straks ut for å sjå om eg såg han, men eg fann han ikkje. Eg skulle verkeleg ønske at eg fekk tak i han, seier ho.
Solheim fortel at vedkomande skal ha oppsøkt fleire bebuarar i bygget. Som følge av dette valde ho å sende ut ein felles SMS med ei åtvaring til alle bebuarane.
Ho ber også andre om å vere ekstra merksame på kven dei slepp inn i heimen, i lys av ho og mor hennar si oppleving.
Politiet er varsla
Bustadblokka i Naustdal sentrum var ikkje dei einaste som fekk besøk denne ettermiddagen.
Ein tilsett frå bu- og omsorgstenesta i Naustdal tipsa i same tidsrom om at fleire av deira bebuarar skal ha fått besøk av seljarane. Dei varsla politiet.
Solheim fortel at politiet også er kjent med besøket hos dei.
– Eg håper at dei får tak i vedkomande. Eg forstår at folk er i naud og at ein vil samle inn pengar, men ein kan ikkje operere på denne måten. Å få folk til å kjenne seg utrygge i eigen heim.
Fleire møte med pågåande blomsterseljarar. Politiet ber no om tips
Jaktar seljarane
Etter at det seinare skal ha komme inn fleire liknande meldingar om roseseljarar i Eikefjord i Kinn, melder politiets operasjonssentral klokka 20.48 at dei no ser etter desse personane.
Dei skal der ha forsøkt å komme seg inn til eldre og andre bebuarar på bu- og omsorgsbustadar. Frå ei adresse er det også opplyst at det er bortteke gjenstandar.
Politiet ser no etter ein mann og ei kvinne som køyrer ein svenskregistrert VW Passat, og som då dei første meldingane kom inn, ber politiet no om tips. Enten til 02800 eller til 112 dersom det er hendingar som pågår.