Herold

Ein trygg debatt – på kostnad av sanninga

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ludvig Langedal Published: 2026-03-24 09:07:24
Ein trygg debatt – på kostnad av sanninga

Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten ønskjer meir kontroll i kommentarfelta. Det er forståeleg. Ingen er tente med personangrep og usakleg ordskifte.

Men det som no skjer, er ikkje berre opprydding. Det er ei innsnevring av kva som faktisk slepp til i den offentlege samtalen.

Eg har sjølv opplevd at kommentarar som viser til offentlege kjelder og etterprøvbare forhold, blir fjerna. Samtidig står generelle synspunkt og uforpliktande meiningar att. Det er eit paradoks: Det som kan dokumenterast, blir stoppa – medan det som berre kan meinast, slepp gjennom.

Når konkrete og etterprøvbare forhold ikkje slepp til, får vi ikkje ein betre debatt. Vi får ein svakare ein. Ein debatt der det er trygt å meine – men vanskeleg å opplyse.

Redaktøren ber oss spørje:«Kunne eg sagt dette ansikt til ansikt?» Det høyrest ryddig ut, men er i realiteten ein effektiv måte å filtrere bort nettopp dei ytringane som er mest nødvendige i eit lokaldemokrati. Kritikk av makt, forvaltning og bruk av offentlege midlar skjer sjeldan rundt eit kaffibord. Det skjer i det offentlege rommet – eller det skjer ikkje i det heile.

Det blir hevda at dette ikkje er sensur. Men når resultatet er at dokumenterbar kritikk ikkje slepp til, medan ufårlege synspunkt gjer det, så liknar det mistenkjeleg mykje. I praksis blir debatten stramma inn til det ufarlege og uforpliktande.

Ei lokalavis skal ikkje vere eit komfortabelt rom for dei som sit med ansvar. Ho skal vere ein arena for openheit, etterprøvbarheit og kritiske spørsmål. Når terskelen blir sett slik at det berre er det «ufarlege» som slepp gjennom, sviktar avisa ei av sine viktigaste oppgåver.

Det er ikkje dei skarpe ytringane som er problemet. Problemet oppstår når dei som sit på konkrete opplysningar, blir stoppa – og dei som berre meiner, slepp til.

Då får vi ikkje ein opplyst debatt. Då får vi ein redigert verkelegheit.

🏷️ Extracted Entities (1)

Svend Arne Vee (person)