«Ketchup»-effekt for NBK
Plus
Då det først losna var det reine «ketchup»-effekten for NBK i første kvalik-runde i NM. Trott vart banka 8–1.
Alt tidleg i kampen viste mannskapet til manager Espen Kjenes kven som hadde kontrollen og var best i det meste.
Vel midtvegs i 1. omgang sette Joachim Smørdal inn 1–0 med pannebrasken. Deretter rann det inn med nettkjenningar utover i kampen. Oliwier Rybicki følgde opp med neste fulltreffar, før Jonas Sleire signerte to skåringar. Klubben sin nye tilvekst frå Vidar, Isak Østrem viste sine spisskvalitetar og noterte seg på skåringslista i sin første offisielle NBK-kamp.
Og så Andreas Bøe Snekkevik då – som i løpet av halvtimen han var på bana like godt prikka inn tre fulltreffarar. Han har slite med skadeplagar i oppkøyringa.
Trott hamna midt på tabellen i 4. divisjon i fjor, og mangla to-tre spelarar i denne kampen. Det utnytta eit skjerpa NBK-mannskap.
Etter å ha eksperimentert litt i treningskampen mot Tertnes, (tap 3-4), gjekk NBK for det trygge med fokus på oppgåvene sine i kampen mot Trott. Det gav full klaff.
– Mykje bra spel, enormt mange sjansar skapt og flotte mål, gir god sjølvtillit og gode svar inn i treningskvardagen og neste utfordring i den tøffe serieopninga borte mot Lyngbø, seier Håvard Brakstad Moen i NBK sitt trenarteam. Lyngbø rykte ned frå 3. divisjon etter fjorårssesongen.