Herold

5 år seinare kom den spesielle telefonen

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-23 14:31:37
5 år seinare kom den spesielle telefonen

– Hei, eg tenkte på ein ting du skreiv her...

- Ja, kva var det du tenkte på, svarte eg, medan hovudet jobba gjennom artiklane publisert den siste veka.

Men han skulle lenger tilbake.

– Det var den om skrifta på veggen. Den ved busstoppet i Knarvik. Eg har tenkt mykje på det, sa mannen i andre enden.

Eg skjøna kva han meinte.

Han snakka om «Det er forbudt å forby»-taggen, skrifta som alltid hadde fått meg til å gruble på fleire måtar. Og som heilt fersk i avisa, hausten 2020, skreiv denne kommentaren:

Eg sat i baksetet i bilen til mor mi første gang eg såg den.

Hjernen min fekk arbeide hardt. «Det er altså forbudt å forby … men viss det er forbudt, så er det jo også …»

Det var mykje å ta innover seg.

Den var der framleis då eg venta på bussen frå vidaregåande. Og etter eg flytta frå Nordhordland, kikka eg alltid på den når eg var tilbake.

No har eg kommen heim, etter fire år i utlandet. Og den er der framleis, men berre så vidt.

Knarvik er ein ung stad, den har ikkje gamle signalbygg, kjente gater eller store fontener. Men Knarvik har hatt nok av kjennemerker, møtestader som folk har knytt minner til.

Vest-Trade Video var ein bauta og Godbiten var fast på laurdagar. Folk har også mange uklare minner frå Loftet, Harry`s og UtenRicks.

Men felles for alle desse, er at dei kjem og går. Sjølv Brekkeløypa er under press.

Selecten er borte no, men eg kan framleis skimte «Det er forbudt å forby».

Det står der som ei standhaftig påminning om som tida går, og sjølvsagt om at det er strengt forbudt å forby.

Eg ser for meg kunstnaren som står bak verket.

Det er viktig å merke seg at dette ikkje kan ha vore gjort i affekt. For dette er ikkje ein tagg gjort med sprayboks. Dette er malt med pensel.

Kunstnaren må altså ha tenkt seg nøye om, før han eller ho tok med seg målingsspann og pensel, for å lage det etter kvart ikoniske verket.

Var det restar frå husmåling? Eller var det kanskje kjøpt inn for anledninga? Er det meint som ein vits? Eller var det ein ung anarkist?

Eg har mange spørsmål, men det er gjerne ikkje så viktig å få svar.

I likskap med pubar og videoutleige-stader, vil nye kjennemerke komme og gå.

Og enn så lenge, har eg ei falmande setning ved busstoppet i Knarvik, som framleis får meg til å gruble.

Fem og eitt halvt år etter eg skreiv kommentaren og ein mannsalder etter at måleriet kom opp, fekk eg altså svaret.

Karen på telefonen fortalde at han var der med to gode vener, seint ein laurdagskveld.

– Han som hadde penselen i handa er død no, men eg tenker ofte på han, kunne han fortelje.

Han snakka vidare om gode tider, lyse netter og mykje sprell.

Kvelden med penselen og spannet i Knarvik, hugsar han som om det var i går.

– Ja, eg har no tenkt på det og tenkte eg skulle seie det til deg, avslutta han, før vi gjekk vidare til å snakke om laust og fast.

Dei hadde nok ikkje tenkt at det dei gjorde, skulle følge fleire generasjonar eller verte omtalt i avisa over 40 år seinare.

No i 2026 er bokstavene endå meir falma, ein felles referanse for folk i området, er snart heilt vekke.

Men det er ikkje berre gamle hus som skal vernast og restaurerast.

Det må også vår nyare felles kulturarv. Eg oppfordrar kulturavdelinga i Alver til å både restaurere og frede betongveggen.

Viss ikkje tek eg malarpenselen i handa sjølv.

🏷️ Extracted Entities (7)

Knarvik (place) Alver (entity) Godbiten (entity) Harry`s (entity) Loftet (entity) Nordhordland (place) Sjølv Brekkeløypa (person)