Herold

Redd Tingvoll-Sunndalsfjorden!

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Marit Aklestad - gruppeleiar i fylkestinget for Møre og Romsdal SV, og Lars Haltbrekken – nestleiar, stortingsrepresentant og miljøpolitisk talsperson for SV Published: 2026-03-23 14:32:10
Redd Tingvoll-Sunndalsfjorden!

Retten til eit giftfritt miljø og ein natur i balanse er slått fast i grunnlova sin paragraf 112. Vi har ein grunnlovsfesta rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og naturmangfaldet blir halde ved lag.

Likevel blir både folk og miljø utsette for miljøgifter, forureining, klimautslepp og naturtap. Belastninga på fjordsystema våre byrjar å bli ubehageleg stor. Opprydding av gamle miljøsynder er dyrt, og det tek tid å få ny kunnskap inn i lovverk og praksis. Saka om giftdeponiet på Raudsand set det heile på spissen. Her risikerer vi at utslepp i ein kommune får konsekvensar for ein heil fjord og alle kommunane rundt.

Første bod må vere å hindre nye utslepp

Den kjemiske tilstanden i Tingvoll-Sunndalsfjorden er ikkje god. Årsaka er samansett, der mellom anna industri, avfall, landbruk og oppdrett, over tid har gitt ei større totalbelastning enn det den sårbare terskelfjorden toler. Første bod for ein fjord utsett for store miljøutslepp, må vere å hindre nye utslepp. Likevel syner dette seg å vere vanskeleg. Opprydding er som sagt dyrt, ansvarsfordelinga uklar og miljømyndigheitene si verktøykasse for svak.

Skal miljøgifta få forureine ein gong til?

PFAS er ei gruppe fluorhaldige kjemikaliar som vert rekna som evigvarande. Når desse giftstoffa lek ut i naturen, blir dei verande i næringskjeden, til skade for både menneske og miljø. Heldigvis er eit forbod mot PFAS på trappene i fleire land, og vi går over i ein oppryddingsfase. Men i Tingvoll-Sunndalsfjorden, er skaden allereie skjedd. Stoffa finst i fjorden og blir ikkje borte med det første. Fjorden som levande spisskammers og beredskapslager for folket langs fjorden, er allereie redusert. Fjorden treng ro og rehabilitering, ikkje nye utsleppsløyve.

Likevel har det sidan 2022 blitt frakta kring 30 tusen tonn PFAS-forureina jordmassar til deponiet på Raudsand. Ein skulle tru at når gift skal ryddast i, så må det gjerast skikkeleg. Men det er uklart om deponiet på Raudsand er eit trygt sluttdeponi, eller om vi får ny utleking av sigevatn til Tingvoll-Sunndalsfjorden. Vi kan ikkje akseptere at gamle miljøsynder får forureine ein gong til!

Ta fjorden i forsvar

No tek mange innbyggararar, Naturvernforbundet og andre organisasjonar fjorden i forsvar, men kvar er myndigheitene? Kvifor blir det ikkje stilt strengare miljøkrav der ein ser heile fjordsystemet i samanheng? Det kan ikkje vere rett at det er naturen og lokalsamfunna som må betale prisen, i form av miljøgifter i fisken og ein fattigare fjord?

Vi i SV er i alle fall på arbeid for naturen. Spørsmål til fylkesordføraren om kva ansvar fylkeskommunen har som vassregionsmyndigheit, gav ingen forsikringar om korkje opprydding eller ettersyn. SV tek difor saka vidare til miljøministeren. Vi er utolmodige på å stille betre krav, forby PFAS og andre miljøgifter, regulere oppdretten, sørgje for at miljølovbrot får konsekvensar, gi støtte til opprydding og generelt gi naturen eit sterkare vern. Det treng Tingvoll-Sunndalsfjorden, og det fortener folket langs fjorden!

🏷️ Extracted Entities (5)

Redd Tingvoll-Sunndalsfjorden (organization) PFAS (entity) Raudsand (place) Naturvernforbundet (entity) SV (entity)