Fleire vel yrkesfag – godt nytt for Rauma
Fleire vel yrkesfag – godt nytt for Rauma
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
For fjerde år på rad vel fleire ungdomar yrkesfag enn studieforberedande program i vidaregåande skule. Over halvparten av elevane starta på yrkesfag hausten 2025. Det er historiske tal – og svært gode nyheiter.
For vi treng fagfolk.
I mange år har utviklinga gått i retning av stadig fleire lange akademiske utdanningar, medan mange praktiske yrke har hatt aukande mangel på fagarbeidarar. Samstundes veit vi at både industrien, bygg- og anleggsbransjen og helse- og omsorgstenestene ropar etter kompetent arbeidskraft.
Dette merkar vi også tydeleg i Rauma.
Vi er ein kommune med sterk industri og eit aktivt næringsliv. Bedrifter treng faglærte arbeidarar, handverkarar og teknisk kompetanse. Samstundes står helse- og omsorgstenestene framfor eit aukande behov for fagarbeidarar i åra som kjem.
Difor er det svært positivt at fleire ungdomar no vel teknologi- og industrifag og helse- og oppvekstfag.
Altfor lenge har signalet til ungdom vore at den «rette» vegen går via universitet og mastergrad. Men samfunnet treng både akademisk kompetanse og fagarbeidarar. Utan fagfolk stoppar mykje av det praktiske arbeidet som held samfunnet i gang.
Difor er det viktig å halde fram satsinga på yrkesfaga – og sørge for nok læreplassar. Her har også lokalt næringsliv og offentlege verksemder eit viktig ansvar.
For Rauma Arbeiderparti er bodskapen klar: Fagbrev må få høgare status.
Vi treng fleire dyktige fagarbeidarar i industrien, i handverksfaga og i helse- og omsorgstenestene. Difor er det svært gledeleg at fleire ungdomar no vel yrkesfag.
Det er bra for ungdommen – og heilt avgjerande for framtida til Rauma.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal