Me har ikkje eit valdtektsproblem – me har ei valdtektskrise
Fire kvinner påstått valdtatt av ein «kongeleg» er ein tragedie. Tusenvis av kvinner valdtatt av vanlege menn er statistikk.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Stalin skal ha sagt noko liknande, berre om dødsfall. Men utsegna er skremmande aktuell i dag.
Éi av fem kvinner rapporterer å ha blitt valdtatt. Det er urovekkande at dette blir møtt med ei øyredøyvande stille frå dei som har makt til å gjera noko med den pågåande krisa.
Eg er eit tal i denne statistikken. Valdtatt på ein heilt vanleg måte av ein heilt vanleg mann med allvêrsjakke og fornuftige sko.
Det er tusenvis av tragediar der ute, og det kjem berre til å bli fleire viss ikkje me tvingar politikarane til å ta drastiske grep.
Organisasjonen Juridisk rådgivning for kvinner (JURK) med fleire kom nyleg med ein nedslåande rapport om kor lite som blir gjort for å fiksa valdtektskrisa.
Åsne Solberg (jurist og fagrådgjevar i JURK) skreiv eit debattinnlegg i VG om resultata i rapporten. Ho beskriv situasjonen som «tilnærmet fullstendig politisk handlingslammelse».
Dette burde gjera oss vettskremde.
Me er fleire som brukar ordet «krise» nå. Amir David Arden (spesialist i psykiatri og allmennmedisin) kallar det for ei psykisk helsekrise. Den nye rapporten frå FHI som viser ein klar samanheng mellom valdtekt, sjølvmordsforsøk og sjølvskading blant unge jenter, beskriv dette.
Valdtekt er også ei enorm tryggleikskrise i kvardagen for kvinner.
Eg er eit ekte menneske som kjenner følgjene av valdtekt på kroppen kvar einaste dag. Det finst tusenvis av sånne som meg.
På toppen av alt dette blir 80 prosent av politimelde valdtekter henlagde. Så me ser også på ei rettstryggleikskrise.
Men alle desse krisene blir møtt med tilnærma stumheit frå politikarane.
I etterkant av publiseringa av FHI-rapporten har det, så langt eg kan sjå, berre vore to kronikkar frå politikarar om valdtektstemaet. Frøya Skjold Sjursæther (MDG) i VG og Seher Aydar (Rødt) på nrk.no.
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) er den einaste eg klarte å finna som har blitt intervjua om saka. Då i samband med kvinnedagen. Men temaet fortener merksemd også alle andre dagar i året.
Denne mangelen på engasjement frå maktpersonane sender eit signal til alle oss som har blitt utsett for valdtekt at me ikkje er viktige. Og det gjer meg kraftig provosert.
For korleis forventar me å løysa valdtektskrisa viss så få av dei med makt snakkar om det? Kor blir det av justisministeren som svarer på kritiske spørsmål? Kor blir det av helseministeren som uttrykker si bekymring?
Denne saka burde bli behandla som ein svært alvorleg, pågåande trussel mot liv og helse som gjeld halvparten av den norske befolkninga. Denne saka fortener at me som samfunn kallar det ei krise.
I desse dagar rasar det eit kvinnebrøl gjennom Instagram. «Eg er 1 av 5», ropar me i kor. Eg starta dette brølet. Og responsen viser at me er mange som har fått nok.
I rapportane er eg berre statistikk. Men eg er eit ekte menneske som kjenner følgjene av valdtekt på kroppen kvar einaste dag. Det finst tusenvis av sånne som meg.
Og det er dei med makt si plikt å sørga for at det ikkje blir tusenvis fleire av oss.
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!