Herold

Entreprenør: – Dei tilbaud oss «ein råtapris»

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Sigmund Hansen Published: 2026-03-23 23:01:00
Entreprenør: – Dei tilbaud oss «ein råtapris»

– Eg sel ikkje for ei krone under 14 millionar kroner.

VIKEBYGD: Eit klart fleirtal i Vindafjord kommunestyre kjem til å vedta ein ny plan som opnar for storutbygging av Dommersnes industriområde til havvind-bygging.

Entreprenør Agnar Nagel Alne, som var førstemann som etablerte seg på Dommersnes, trur aldri planane blir noko av.

– Eg tvilar sterkt på om utbyggingsselskapet Windafjord Port A/S klarer å rekna heim utsprenging av 50 millionar tonn stein på Dommersnes. Og det tilbodet me som driv næring på Dommersnes i dag har fått for å flytta, er ikkje noko anna enn «ein råtapris». Eg sel ikkje for ei krone under 14 millionar kroner. Dommersnes A/S Windafjord Port baud meg 1,4 million for alt – 7,5 dekar og 400 kvadratmeters verkstadbygg!

Dette fortel Agnar Nagel Alne. Han var første etablerar på Dommersnes industriområde for snart 50 år sidan.

Entreprenøren seier han ikkje har høyrt noko, verken frå utbyggingsselskapet eller frå kommunen etter det første budet han fekk på alt han har etablert.

Og han undrar seg ikkje minst over skjoldabuane i Vindafjordpolitikken:

– Dei verkar gloredde for vindturbinar i Skjold. Men eit gigantanlegg for havvindturbinar i nabobygda er visst heilt ok!

Største etablerte bedrift på Dommersnes i dag, Gangstø Transport, skal også ha fått ei prisvurdering om erstatning tilsvarande ein sjettedel av verditaksten på anlegget.

Tysdag vedtek likevel eit stort fleirtal i Vindafjord formannskap å godkjenna reguleringsplanen som gjer det mogeleg å byggja ut Dommersnes til eit industriområde for bygging og samankopling av havvindturbinar.

  1. april set kommunestyret endeleg sluttstrek for utbyggingsstriden ved å godkjenna reguleringsplanen.

Berre dei tre frå Vindafjordlista og SVs eine representant er venta å stemma imot – pluss mulegeins enkelte utbrytarar frå dei større partigruppene.

– Må jobba med finansiering

Dagleg leiar i Windafjord Port, Jørgen Jorde, avviser at selskapet har gitt dei tre aktørane på Dommersnes i dag noko tilbod.

– Me fekk, med deira tillatelse, gjort ein såkalla næringstaksering. Og desse tala har me delt med dei som driv selskap på Dommersnes i dag, seier Jorde.

Han legg til at deira neste utfordring, dersom reguleringsplanen blir godkjent 14. april, er å finansiera utbygginga.

– Fleire faktorar har endra seg det siste året. Det totale industriarealet som nå eventuelt blir godkjent, er betydeleg redusert – frå 550 dekar til 417 dekar, seier Jorde.

Eit stort myrområde er trukke ut av planen etter forhandlingar med Statsforvaltaren. Motsegnene frå Statsforvaltaren er etter dette trukke tilbake.

Windafjord Port vil også vurdera om dei skal tenka nytt når det gjeld utbygging på Dommersnes i tre fasar.

– Kanskje vil me gjera ting fortare. Men dette kan eg ikkje seia noko om før me får gått opp planane på nytt etter at reguleringsplanen er godkjent.

Marknadsutviklinga innan havvind har vore utfordrande. Kontraktar til underleverandørar til Utsira Nord blir neppe avgjort før heilt i slutten av 2027 eller i 2028.

Windafjord Port, som er eigd 50:50 av kommunen og Westcon, melde for vel eit år sidan at planane om å planera fase 1 (det noverande Dommersnes industriområde) er utsett.

Ifølgje aksjonæravtalen skal Westcon finansiera arbeid i første fase tilsvarande verdien av kommunen sin del, som eig industriområdet i dag – ca. 60 millionar kroner.

Vindafjord kommune har prioritert ei opprusting av fylkesvegen mellom Vikebygd og Skjold som nummer ein på lista dei har sendt til Rogaland fylkeskommune.

Etter det Haugesunds Avis forstår, har Statsforvaltaren lagt inn, som eit såkalla «rekkefølgjekrav», at Windafjord Port kan byggja ut fase 2 og 3 før fylkesvegen er lagt om. Men dei kan ikkje setja i gong drift av det store industrianlegget før fylkesvegen er lagt om.

Fleire tilleggsforslag

Både Ap og Vindafjordlista kjem tysdag til å leggja fram tilleggsforslag til den reguleringsplanen som kommunedirektør Halfdan Krohn Brekke har lagt fram til godkjenning for politikarane.

– Me har sendt spørsmål til kommuneadministrasjonen om korleis kommunikasjonen mellom utbyggjar og dei selskapa som alt er på Dommersnes har vore (Ølen Trevare, Gangstø Transport og A. Nagel Alne entreprenør red.merknad). Og me ber om tettare kontakt mellom partane, seier Øyvind Valen, gruppeleiar i Ap.

Dessutan vil Ap at det blir laga ein utbyggingsavtale som styrker lokalsamfunnet Vikebygd – for eksempel ved at massar frå Dommersnes kan bli stilt til rådvelde for ulike tiltak i bygda.

Tormod Sandsgård i Vindafjordlista seier dei vil føreslå at kommunestyret skal dra på ein samla synfaring til Dommersnes. Pluss at dei vil støtta Ap sitt forslag om ein utbyggingsavtale som skal sikra Vikebygdsamfunnet visse ytingar om utbygginga blir realisert.

Vil ha grøn fritidspark

Sonja Rutten har skrive brev til kommunen og føreslått at det i staden for stor industri, blir etablert ein «grøn» fritidspark etter mønster frå 29 «Centre Parcs» som alt er etablert i Europa. Den nordlegaste ligg på øya Als i Sønderjylland og er ein familievennleg naturresort med 400 feriehus, badeland med sklier, båtliv, sykling, minigolf og klatring.

Ekteparet May Britt og Kjetil Vikingstad har gjennom sitt selskap, Vikingstad A/S, levert ein mulegheitsstudie som både føreslår avgrensa industri innan biobrensel, biokol og bioterminal for Vestlandet – pluss bustadbygging, nye hytter, drivstoffylling, småbåthamn, badstove.

– Me har vore i møte med kommuneleiinga, men me fekk beskjed frå ordføraren at me var for seint ute. Me blei oppmoda om å senda inn våre merknader til reguleringsplanen. Me opplever ikkje at me er blitt høyrt, seier ekteparet.

– Har inga tru

Sjølv om kommunestyret vedtek ein ny reguleringsplan for Dommersnesområdet, har ikkje entreprenør Agnar Nagel Alne noko tru på at det blir noko av utsprenging av slike enorme mengder stein.

– Eg trur rett og slett det vert for dyrt. I Nordhordland har dei alt eit tusen dekar stort ferdigplanert område til havvind. Det held, meiner Nagel Alne. Han tykkjer også Raunes, der AF vil kombinera opphogging av utrangerte plattformer med havvindbygging, er ein meir naturleg kombinasjon enn planane på Dommersnes.

Leiar i «Bevar Ålfjordens Perle», Jon Magne Svendsbøe, seier han er veldig skuffa over politikarfleirtalet.

– 105.000 lastebillass med stein i løpet av sju års anleggstid utgjer berre 10 prosent av alt som skal skytast ut. Resten skal fraktast ut på skip. Dimensjonane er vanskelege å fatta.

Gunnar Birkeland, ein annan vikebu, helsar det kommande vedtaket om ny reguleringsplan for Dommersnesområdet velkommen.

– Eg er oppteken av å redda Vikebygds framtid – skulen, barnehagen og butikken. Det gjer me ved å skaffa bygda nye arbeidsplassar. Sjå til Jelsa – ei bygd med under halvparten av innbyggjartalet til Vikebygd. Der har dei like mange barn i skulen og heilt full barnehage. Kvifor? Jo, fordi unge folk har flytta til bygda fordi det er arbeid. Der har dei Europas største pukkverk og 200 fast tilsette, pluss 20 lærlingar.

🏷️ Extracted Entities (41)

Dommersnes A/S Windafjord Port (organization) Entreprenør Agnar Nagel Alne (person) Vikebygd (entity) Ap (entity) Statsforvaltaren (entity) Vindafjordlista (entity) Dommersnesområdet (entity) Europa (entity) Gangstø Transport (organization) Skjold (entity) Vindafjord (place) Westcon (entity) A. Nagel Alne (person) AF (entity) Als (entity) Bevar Ålfjordens Perle (entity) Centre Parcs (entity) Eit (entity) Ekteparet May Britt (person) Gunnar Birkeland (person) Halfdan Krohn Brekke (person) Haugesunds Avis (person) Jelsa (entity) Jon Magne Svendsbøe (person) Jørgen Jorde (person) Kjetil Vikingstad (person) Nordhordland (place) Raunes (place) Rogaland (place) SV (entity) Sonja Rutten (person) Sønderjylland (place) Tormod Sandsgård (person) Utsira Nord (person) Vestlandet (entity) Vikebygdsamfunnet (entity) Vikingstad A/S (organization) Vindafjordpolitikken (entity) Windafjord Port A/S (organization) Ølen Trevare (person) Øyvind Valen (person)