Herold

Har du lagt merke til den «skjulte» detaljen i landslagsdrakta?

Kilde: NRK Author: June Erdalsdal Kolstad Published: 2026-03-23 16:35:25
Har du lagt merke til den «skjulte» detaljen i landslagsdrakta?

Om ein ser nøye på det mørkeblå korset, så ser ein detaljar som har opphav frå ei 900 år gammal stavkyrkje i Sogn.

Saka samanfatta:

  • Dei nye norske landslagsdraktene inneheld eit mønster inspirert av ornamentikken frå Urnes stavkyrkje i Luster, ei 900 år gammal stavkyrkje på UNESCO si verdsarvliste.
  • Fortidsminneforeininga og Riksantikvaren er begeistra for at norsk kulturarv blir løfta fram på ein internasjonal arena.
  • Reaksjonane på draktene har vore delte – nokon hyllar designet, medan andre er meir kritiske.
  • Mønsteret frå Urnes gjev drakta ein historisk signatur og er eit symbol på norsk kulturarv.
  • Produksjonen av drakttrykket skjer i Gaupne, nær Urnes stavkyrkje, noko som gjer det ekstra stas for lokalbefolkninga i Sogn.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Då Nike la ut ein video med Erling Braut Haaland torsdag førre veke, fekk heile landet sjå dei nye landslagsdraktene litt tidlegare enn planlagt.

For Noregs Fotballforbund (NFF), som skulle presentere draktene i dag, kom lekkasjen uventa og debatten tok fyr med det same.

Reaksjonane var blanda. Nokon meiner førstedrakta er tradisjonell og stilig. Andre meiner ho var rett og slett skuffande. Den svarte bortedrakta fekk alt frå slakt til hyllest.

Men det mange kanskje ikkje har registrert, er at det «skjuler» seg eit mønster inni dei blå stripene på brystet til førstedrakta.

Ei historisk detalj som knyter VM-drakta til ei stavkyrkje i Luster.

BT omtalte saka først.

– Heilt fantastisk

Fortidsminneforeininga, som eig Urnes stavkyrkje, visste ingenting om at ornamentikken til kyrkja skulle brukast i draktdesignet.

Men generalsekretær Ola Fjeldheim legg ikkje skjul på at han er begeistra.

– Det er heilt fantastisk! Kjempegøy. Det er flott og ikonisk ornamentikk, og at den blir brukt til å pynte ei landslagsdrakt er veldig fint, seier han.

Urnes er Noregs første verdsarvinnskriving, og ornamentikken kjenneteiknast av stilisert dyr i kamp, samanfletta med tynne trådforma ormar.

Mønsteret i det mørkeblå korset er henta frå mønsteret ved portalen til Urnes stavkyrkje i Sogn.

Fjeldheim meiner mønsteret gjev drakta ein historisk signatur.

– Det er kjekt at norsk kulturarv får vere med på ei internasjonal arena, sjølv om det største fokuset kjem nok til å vere på Haaland og det han gjer med ballen.

Felleseige

At Fortidsminneforeninga ikkje var involvert i prosessen, ser ikkje ut til å vere eit stort problem.

– Vi har ikkje vore i kontakt med verken NFF eller Nike om dette. Det kom som ei overrasking. Men ornamentikken tilhøyrer fellesskapet. Den har vore brukt på pass, myntar og setlar. Så det er berre hyggeleg at den blir brukt og aktivert.

Stavkyrkja er dekorert med Urnesstilen, som har opphav frå 1000-talet til 1100-talet.

Riksantikvar Hanna Geiran synest også det er stas at Urnes-stilen blir løfta fram på landslagsdrakta.

– Eg blir kjempeglad av å sjå eitt av våre flotte verdsarvstadar representert. Den fantastiske og vakre Urnes-stilen gjer seg veldig på drakta, fortel ho.

Urnes stavkyrkje blei bygd på 1130-talet. Kyrkja ligg i Luster kommune i Sogn og den har stått på Unescos verdsarvliste sidan 1979.

Blanda reaksjonar – men stas i Sogn

I Gaupne, berre ein kort køyretur frå Urnes stavkyrkje, produserer NTP Avery Dennison trykket som er på draktene.

Dagleg leiar Mikkel Frodahl har samarbeida tett med både NFF og Nike. Han meiner Urnes-detaljen er ekstra kul for sogningar.

– For oss som er frå eller bur i Sogn er det grådig stas. Det er ein stoltheit at drakta har inspirasjon frå Urnes. Det trur eg folk her synest er litt ekstra gøy.

Mikkel Frodahl i NTP Avery Dennison er stolt over detaljen.

🏷️ Extracted Entities (23)

Sogn (entity) Urnes (place) Noregs Fotballforbund NFF (organization) Fotball 📁 (category) Fotballandslaget 📁 (category) Luster (entity) Nike (entity) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Stavkirker 📁 (category) menn 📁 (category) Erling Braut Haaland (person) Gaupne (entity) Mikkel Frodahl (person) NTP Avery Dennison (organization) UNESCO (entity) BT (entity) Fortidsminneforeninga (entity) KI (entity) Ola Fjeldheim (person) OpenAI (entity) Riksantikvar Hanna Geiran (person) Riksantikvaren (entity) Urnesstilen (entity)

📊 Metadata

Category: Nyheiter frå Vestland, Fotball, Fotballandslaget, menn, Stavkirker