Herold

To nye artistar til Elvebrus

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-03-21 11:00:00
To nye artistar til Elvebrus

Elvebrusfestivalen har booka rapgruppa Sleiken og artisten Bibbebaby til laurdag 18. juli. Samtidig opnar arrangøren billettsalet for ungdom under 18 år og lanserer eit nytt campområde for bubilar.

Elvebrusfestivalen på Stanghelle utvidar programmet. Dei to nye namna på plakaten er rapgruppa Sleiken og artisten Bibbebaby. Begge skal på scena i Agnavika laurdag.

Appellerer til dei yngre

Sleiken spelar norsk rap med tunge beats. Deira mest strøymde singel er «Deja Vu – Schtuka», som har over 10 millionar avspelingar på Spotify. Dei har markert seg på topp 50 i Noreg og VG-lista.

Bibbebaby er ein framstormande norsk artist kjent som ein av dei første kvinnelege profilane innan russemusikk og festmusikk, med ein unik stil og personlege tekstar. Bibbebaby blandar hiphop og pop.

- Begge artistane appellerer særleg til eit yngre publikum. Dei vil vera med på å setja tonen for ein livleg laurdag på Elvebrus, seier medarrangør Torje Midtsæter.

Verjeordning

Festivalen fortset med eigne U18-billettar slik som i fjor. Dette gir ungdom under 18 år høve til å delta på konsertane. Ordninga krev at ungdomen har med seg ei verje.

- Verja må vera over 25 år. Vedkomande må halda seg edru under heile arrangementet. Reglane for verjeordninga er dei same som i fjor, seier Midtsæter.

Sommarkok i Agnavika

Bubilcamp

Elvebrus vil også i år ha ein eigen bubilcamp.

- Dette tilbodet er ein del av eit nytt campområde til festivalen nede ved dei nye flytebryggjene på Stanghelle. Her ønskjer me også å leggja opp straum som dei kan kopla seg på. I tillegg blir det mogleg å komma i båt eller overnatta i telt som tidlegare år, fortel Torje Midtsæter.

Tettpakka med folk og god stemning på Elvebrus laurdag

🏷️ Extracted Entities (11)

Elvebrus (entity) Torje Midtsæter (person) Agnavika (entity) Bibbebaby (place) Sleiken (entity) Stanghelle (entity) Deja Vu – Schtuka (entity) Noreg (entity) Spotify (entity) U18 (entity) VG (entity)