Herold

Nei Trym, kjønnskvotering er ikkje svekt kompetanse

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Aurora Eggum Talleraas, leiar i Sogndal og Luster AUF, Sogndal Published: 2026-03-23 08:54:12
Nei Trym, kjønnskvotering er ikkje svekt kompetanse

Trym Nybø i Sogn og Fjordane FpU meiner i innlegget «Kompetanse før kjønnsbalanse» at likestillinga i Noreg har gått for langt på fleire områder. Med dette siktar han til kjønnskvotering.

Han meiner at når ein får tilleggspoeng for å kome inn på linjer på vidaregåande eller andre studium fordi ein er av kjønnet som er i mindretal, så konkurrerer ein ikkje lenger på like vilkår.

Kompetanse før kjønnsbalanse

Då spør eg deg, Trym: kvar har du funne denne informasjonen? Ein får ikkje større sjanse for å komme inn på ei linje på vidaregåande om ein er jente eller gut. Om du tar høgare utdanning, får du i tilfelle maks tre tilleggspoeng. Me har heller ingen forsking i Noreg på at me mister kompetanse på grunn av kvoteringa, så eg vil gjerne sjå kvar du har dette frå.

Det vi derimot ser, er at kvinner som har same eller meir kompetanse ofte blir underprioriterte eller ikkje tilsette framfor menn – berre fordi dei er kvinner. Om kvinner hadde vore prioriterte like høgt som menn, hadde me ikkje tredd i kraft desse kvoteringsreglane. Det handlar altså ikkje om kompetanse.

Det er heller ikkje slik at nokon med manglande kompetanse blir tilsett berre for å fylle kjønnskvoteringa. Stillinga går ikkje automatisk til ein person som ikkje fyller krava. Får ein ei stilling, har ein sjølvsagt føresetnadar for å gjere ein god jobb. Det er i tillegg forbode å tilsette nokon på grunn av kjønn, dersom nokon andre er meir kvalifiserte.

Kvoteringa er ikkje eit krav om å stenge ute dyktige personar. Det er eit krav om å la både kvinner og menn få retten til plass i høgare stillingar. Me byggjer eit inkluderande samfunn der både kvinner og menn skal få plass i ulike arbeidsmiljø.

Framtidsvisjonen med denne kvoteringa er eit meir likestilt arbeidsliv, der kvinner og menn faktisk blir prioritert likt. Me ser at likestillinga i styrer har gått opp betrakteleg frå når desse reglane tredde i kraft, berre få år seinare.

Eg veit ikkje om du meiner det er dumt at kvinner og menn blir prioriterte likt, men eg meiner det er på tide at me gir folk like moglegheiter. Du seier for så vidt i ditt innlegg at eit rettferdig samfunn byggjer på like moglegheiter – det er nettopp derfor eg syns at kvotering er eit bra tiltak i norsk arbeidsliv.

Å seie at likestillinga har gått for langt, for å så basere det på noko som ikkje eingong er fakta, blir berre feil. Det spreier ein anti-likestillingshaldning, og det er noko som absolutt ikkje høyrer heime i dagens samfunn. Du seier at likestillinga ikkje skal gå i motsett retning, men ved å seie at den har gått for langt, spreier du eit bilete som vil gjere nettopp dette.

Så nei, Trym. Kjønnskvotering fører ikkje til svekt kompetanse.

🏷️ Extracted Entities (5)

Nei Trym (person) Noreg (entity) Fjordane FpU (organization) Sogn (entity) Trym Nybø (person)