Herold

Maria (15) med på prestisjeløp

Plus
Kilde: Hordaland Author: Åshild Sorteberglien Ljones Published: 2026-03-22 11:08:29
Maria (15) med på prestisjeløp

Som ein av dei beste i sin aldersklasse i landet gjekk Maria Istad Kristiansen inn til ein 3.-plass i Holmenkollen.

Kvart år vert Bama Young Star arrangert som ein del av verdscupfinalen i Holmenkollen.

Dei beste 15- og 16-åringane i skiskyting i landet vert tatt ut. Ein av dei er Maria Istad Kristiansen frå Voss.

Tidlegare deltakarar er mellom anna Johannes Thingnes Bø, Johannes Dale-Skjevdal, Vetle Sjåstad Christiansen, Ingrid Landmark Tandrevold og Maren Hjelmeset Kirkeeide.

Laurdag ettermiddag gjekk Maria inn til ein 3.-plass. Hordaland får tak i Maria og mora Gro Marit Istad Kristiansen på telefon i bilen på veg heim til Voss.

– Gratulerer! Korleis synest du sjølv det gjekk?

– Bra, svarer Maria enkelt og greitt.

Sterk sesong

Maria har hatt ein knallsterk sesong, der ho har vunne det meste ho har deltatt i. Ho fortel at det kjekkaste med sporten er at ein kan gå på ski og skyta, men at det vanskelegaste er å treffa blink når ein har høg puls.

– Men føret var dårleg, seier ho om rennet i Holmenkollen.

– Skikkeleg påskeføre, seier Gro Marit.

– Kva tykkjer du om dottera di sine prestasjonar?

– Det har vore veldig bra, ein veldig god sesong. På rennet i går hadde ho fire bom, men gjekk godt på ski og blei nummer 3. Det er sterkt når du går mot folk som er eit år eldre.

Sjølv om Maria er nøgd med gårsdagens plassering, er høgdepunktet i sesongen hovudlandsrennet for eit par veker sidan. Her gjorde ho reint bord.

– Kva ambisjonar har du som skiskyttar?

– Eg skal bli god, svarar Maria.

God på skippertak

Etter ein travel sesong for 15-åringen, ventar ein roleg periode fram mot avslutningsrennet om fire veker.

– Og så må eg ta igjen litt skule. Eg blir god på skippertak, ler ho.

Dei andre utøvarane som vart tekne ut til Bama Young Star frå region Vest var Ane Hjelmeseth Kirkeeide – Markane IL, Alexander Aaland - Hardbagg IL, Hans Erik Haugland – Stårheim IL og Ludwig Gustaf Abrahamsen – Odda IL.

Skiskyttarrennet kan du sjå på nrk.no sundag klokka 13.44.

🏷️ Extracted Entities (17)

Maria Istad Kristiansen (person) Holmenkollen (entity) Bama Young Star (person) Gro Marit Istad Kristiansen (person) Voss (entity) Alexander Aaland (person) Ane Hjelmeseth Kirkeeide (person) Hans Erik Haugland (person) Hardbagg IL (organization) Ingrid Landmark Tandrevold (person) Johannes Dale-Skjevdal (organization) Johannes Thingnes Bø (person) Ludwig Gustaf Abrahamsen (person) Maren Hjelmeset Kirkeeide (person) Markane IL (organization) Vest (entity) Vetle Sjåstad Christiansen (person)