Hollywood-stjerna: – Vanvitig sentralisering
Plus
I årets påskekrim spelar Kristoffer Hivju politimann i ei bygd trua av nedlegging. Til Nationen deler han sine tankar om sentralisering, bygdeliv og vondskapens natur.
NATIONEN: Kristoffer Hivju spelar hovudrolla i årets påskekrim frå TV 2, Mord i Sogn.
Oslo-børingen, som for mange er kjend frå Game of Thrones, spelar politimannen og eplebonden (!) Ole Vik i ei fiktiv bygd ved Sognefjorden.
– Spøkte med at eg hadde slutta om eg ikkje fekk denne jobben
Til Nationen fortel Hivju at han har jobba mykje med å forstå korleis ein politimann opererer i ei liten bygd:
– På ein måte tenker eg at han er meir sosialarbeidar enn politi. Han kjenner alle dei fire tusen menneska som bur i den bygda.
Han peiker også på at politifolk på små stader også er der for å spreie tryggleik:
– Viss ein er politisjef på Norges minste politistasjon, handlar det veldig mykje om å ligge føre, eigentleg. Ved å ligge føre fungerer han som eit anker i lokalsamfunnet, seier Hivju.
Sjølv om serien handlar om eit drap, ligg det også klassisk bygdeproblematikk innbakt i forteljinga. Politistasjonen som karakteren til Hivju leiar er for eksempel trua av nedlegging.
Hivju sjølv er heller ikkje framand for å reflektere rundt sentralisering:
– Eg er i Sverige akkurat no, ein stad der ein har sentralisert noko heilt vanvitig. Det står fallferdige, forlatne gardar oppover dalane. Og det er ikkje politikk i dei små samfunna. Kanskje prøver hipsterane no å trekke det litt ut igjen (liv på bygda, journ.mrk).
– Men det er et resultat av feilslått politikk, legg han til.
Hivju trekker også fram innvandring som ei kraft som kan motverke sentralisering:
– Å sende folk ut i heile landet for å gi dei jobb, det styrker samfunnet. Det betyr noko.
Han peiker også på at livet på bygda er langt meir tilpassa menneskets naturlege habitat, enn storbyens larm:
– I ursamfunnet seier ein at eit menneske ikkje skal kjenne meir enn 300 menneske. For vi har ikkje kapasitet til å kjenne meir enn 300 menneske.
– Eg trur menneske kan bli lykkelegare ved å bu i små samfunn. Viss det er eit godt samfunn, då, legg han til.
– Kva håper du folk sit igjen med etter å ha sett serien?
– Når du får politiets søkelys på deg, ligg det alltid ein tragedie der. Ofte er det eit feilskjær som fører til eit nytt, heller enn vondskap. Det har vore spennande å forske på i arbeidet med denne serien, avsluttar Hivju.
Mord i Sogn bygger på romanane til Jørgen Jæger, ein av Norges mest leste krimforfattarar.