Kven ønskjer å dele indrefileten i to? Bygstad fortener betre
Plus
Sunnfjord-politikarane står no framfor eit vegval som kan få store konsekvensar for Bygstad i mange tiår framover.For oss som bur her handlar dette ikkje berre om ein ny veg – men om framtida til bygda.
Eg skriv dette også fordi eg sjølv er direkte berørt. Dersom A-alternativa med bru over Svesundet blir valde, ligg huset mitt i traseen og kan i verste fall måtte rivast. For meg – og mange andre – handlar denne saka difor ikkje berre om vegplanlegging, men om heim, lokalmiljø og framtida vår.
I prosjektet Fv. 57 Båtevika–Storehaugen har Vestland fylkeskommune presentert tre alternativ: A1, A2 og B9H. A1 og A2 legg opp til bru over Svesundet og ein regionalveg gjennom sentrum av Bygstad.
B9H-alternativet går derimot via Osen og vidare i tunnel til Bygstad.
Dette valet vil få store konsekvensar for mange innbyggjarar. Dersom politikarane vedtek ein kommunedelplan med vegtrasé gjennom bygda, vil det føre til restriksjonar på bygging og bandlegging av areal i lang tid framover. For mange av oss betyr det stor uvisse om eigedomar og framtida til lokalsamfunnet vårt.
På folkemøtet i Bygstad la Vestland fylkeskommune heller ikkje skjul på at prosjektet er kostbart.Ein milliard kroner er ikkje pengar ein berre kan hente frå ein «slump i kassa».Fylkeskommunen peika også på at B9H-alternativet eignar seg best for ei etappevis utbygging.
Konsekvensane av å velje A1 eller A2 gjennom sentrum er mange. Det er nettopp desse alternativa som vil påverke flest innbyggjarar. Likevel har dette ikkje fått den vekta det burde hatt i vurderingane.
Ser ein på kartet, er det heller liten tvil om kva som er det mest fornuftige alternativet.Få ønskjer ein regionalveg gjennom industriverksemd, tunet eller hagen sin.
Men det er nettopp dette som blir realiteten for fleire dersom A-alternativa blir valde.
Kven ønskjer å dele indrefileten i to?
Bygstad er nettopp ein slik indrefilet. Fjella rundt bygda har UNESCO-status, og fjorden er under marint vern. Bygda trekkjer til seg besøkande frå heile verda. Turistar, investorar og filmskaparar legg ferien sin hit, nettopp fordi Bygstad er ei levande bygd med unik natur og eit særprega kulturlandskap.
Difor må vi vere varsame med inngrep som kan endre bygda for alltid.
Trafikksikkerheit må også vektleggast.
Som utdanna yrkessjåfør og trafikklærar ved Nord universitet er eg oppteken av trafikksikkerheit.Å legge ein godt trafikkert regionalveg tett på bustader, skule, barnehage, kyrkje, samfunnshusog fleirbrukshall vil auke konfliktpotensialet mellom køyretøy og mjuke trafikantar.Nullvisjonen – om ingen hardt skadde eller drepne i trafikken – må vere eit grunnprinsippnår ein planlegg nye vegar.
Eg har sjølv vakse opp tett på den gamle E39 som gjekk gjennom Sande sentrum. Etter at trafikken vart flytta ut av bygda, vart det eit heilt anna nærmiljø – rolegare og tryggare for dei som bur der.
Erfaringa frå Sande viser kor stor forskjell det kan gjere når gjennomgangstrafikken blir flytta ut av eit lokalsamfunn. Spørsmålet er om vi no skal gjere det motsette i Bygstad.
I debatten blir det ofte hevda at A-alternativa kan gi gang- og sykkelveg over Svesundbrua.Dette vart teke opp direkte med Vestland fylkeskommune i møte. Svaret var tydeleg:Gang- og sykkelveg er ikkje prioritert eller finansiert som ein del av regionalvegprosjektet. Dermed er tunnelen i B9H-alternativet mellom Osen og Bygstad like aktuell som Svesundbrua.
B9H-alternativet løyser også utfordringane knytte til «Saltkjelen» i dagens vegsystem. Samtidig er dette eit alternativ som fungerer minst like godt for lokaltrafikken som A-alternativa.Ein kan altså få ei god trafikkfagleg løysing utan å føre ein regionalveg gjennom sentrum av Bygstad.
Best løysing for tungtransport.
B9H-alternativet er også den beste løysinga for tungtransporten. Mykje av trafikken til og frå HAFS-regionen går via Sande, og vegen mellom Osen og Sande (fv. 610) har i dag ein brukbar standard.Denne ruta blir brukt til transport av alt frå matvarer og bygningsmateriale til dyrefôr og tømmer.
Sande vil også bli eit viktig knutepunkt framover. Der finst drivstofftilbod for tungtransport, og i løpet av 2026 kjem det døgnkvileplass for sjåførar med toalett, dusj og opphaldsrom. Samtidig byggjer Uno-X mange ladestasjonar for elektriske lastebilar på Sande.
Ved å velje trase via Osen vil tungtransporten naturleg kunne nytte desse fasilitetane.
Ei slik løysing vil også styrke regionforstørringa i området. Ei betre vegløysing via Osen vil knyte HAFS-regionen tettare saman med Bygstad og vidare mot E39. Samtidig vil dette ikkje svekke sambandet mellom HAFS og Førde, men tvert imot bidra til ein meir robust og effektiv transportakse for både næringsliv og pendling.
Framtidas transport.
Transportnæringa er i rask endring. Elektrifisering av lastebilar vil auke kraftig i åra framover, og det er viktig å leggje til rette for dette også i vår region. Vestland ligg allereie litt bak resten av landet når det gjeld nullutslepp i tungtransporten. Difor bør ein også vektleggje korleis vegløysinga kan støtte utviklinga mot meir klimavenleg transport.
Her kjem B9H-alternativet betre ut enn A-alternativa.
Ei oppmoding til politikarane.
Difor er det viktig at debatten handlar om fakta og ikkje misforståingar om kva dei ulike alternativa faktisk gir.
Når skilnadene mellom alternativa er ubetydelege små i silingsarbeidet, bør ein velje løysinga som skaper minst konflikt for lokalsamfunnet. For dei som får vegen tett på huset eller nærmiljøet sitt, er konsekvensane alt anna enn små.
Dette handlar ikkje berre om ein vegtrasé. Det handlar om framtida til Bygstad.
Valet Sunnfjord-politikarane no skal ta, vil påverke Bygstad i generasjonar framover. Difor er oppmodinga mi enkel:
Velg løysinga som tek vare på bygda.
Velg løysinga som gir minst konflikt med innbyggjarane.
Velg løysinga som også fungerer best for framtidas transport.
Velg B9H-alternativet.