Ordføraren er pessimistisk til grendelaget sitt ønskje for vegen i Sandvika
Plus
Ordførar og styreleiar i Kystvegen Bergen-Ålesund, Bengt Solheim-Olsen levnar ikkje mykje håp om ein kystveg sør for Florø i næraste framtid.
Grendelaget i Sandvik, Nyttingnes, Steinhovden og Barlindbotn spelar etter det siste raset i Sandvika inn at ei realisering av Kystvegen Bergen-Ålesund vil gi tryggare veg i grendene deira.
Behovet er større enn folk anar, men...
– Eg var på eit møte for fleire år sidan der det blei lagt fram eit forslag om bru frå Helgøya, tunnel gjennom Sandvikfjellet og inn mot Høydalsfjorden, og deretter vidare sørover, sa grendelagsleiar Bjarte Dypevik Steinhovden til Firdaposten, og argumenterte for at dette vil gi ei varig løysing for den rasfarlege vegen.
– Det har han jo rett i, konstaterer Solheim-Olsen.
– Når det går ras der, og med faren for ras vi har andre stader i vår region, så er det ingen tvil om at behovet for ein framtidsretta kystveg er større enn folk anar. Det har ikkje vore brukt mykje pengar på kystveg i det heile, og når E39 blei lagt der den blei i vår region, så stettar den ikkje føremålet den gjer langs resten av vestlandskysten. Så behovet er der absolutt.
– Dei siste åra, særleg sidan Kinn-samanslåinga, har fokuset for Kystvegen vore nordover, på Florø-Måløy. Så kva må til for at arbeidet med strekninga sørover får meir fokus?
– Det er ingen av dei som er prioriterte, svarar Solheim-Olsen.
– Vi hugsar at frå utgreiinga som blei gjort for 10-12 år sidan av Sogn og Fjordane fylkeskommune om kystveg, så ligg der gode, framtidsretta løysingar for å komme seg sørover mot Askvoll og Fjaler. Men med kostnadsbildet vi ser overalt i dag, så er det klart at ein kan ikkje sjå dette som eit prosjekt ein klarar å løfte i umiddelbar framtid.
– Vi treng ei varig løysing. Det kan Kystvegen gi oss
Galopperande kostnadar
Eit anna element han peikar på, er at om det skjer noko på rv 5 vest for Grov er Florø isolerte den tida det tek å opne vegen igjen.
– Det er noko vi kanskje snakkar litt for lite om.
I desember i fjor sa Solheim-Olsen at han var meir optimistisk på Kystvegen sine vegner for 10 år sidan enn han er no.
– Det handlar om litt av alt det vi har vore gjennom. For ti år sidan låg prosjektet med tunnell mellom Svelgen og Indrehus klart til å bli starta på - det låg øvst på lista til fylkeskommunen. Den er framleis ikkje vedteken i Vestland. Kostnadsutviklinga har vore så enorm at no kostar prosjektet tre gongar meir enn ein trudde for ti år sidan, seier Solheim-Olsen, og nemner i same slengen Magnhildskar-tunnelen.
– Ei oppgradering vart utlyst med ei ramme på 320 millionar kroner, men tilboda som kom inn låg skyhøgt over og prosjektet blei lagt på is.
Men overordna er det lagt opp til høg aktivitet i Kystvegen-prosjektet dei neste åra. Styret vil blåse nytt liv i arbeidet, og nyleg løyvde Bremanger kommune 100.000 kroner i driftsstøtte til Kystvegen Måløy-Florø AS for 2026.
– Det har mange spennande måtar å knyte kysten tettare saman på, i det bildet vi ønskjer å få til. Bjarte har heilt rett - det vil løyse mykje. Men det skjer nok ikkje noko kystveg-bygging sør for Florø i umiddelbar framtid. Det er verken vilje eller midlar hos dei som eventuelt må løyve dei pengane, avsluttar Solheim-Olsen.
Går på ein ny runde med Kystvegen-lobbyisme
Kystvegen Ålesund – Bergen bles nytt liv i organisasjonen