Herold

Viktige politiske møte denne veka – slik kan du følge dei

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-03-23 05:57:00
Viktige politiske møte denne veka – slik kan du følge dei

Tysdag er det ei rekke viktige utvalsmøte i Kinn kommune, og onsdag er det møte i formannskapet. Det er også fleire fellesorienteringar om dei store investeringsprosjekta i kommunen, som Albertatunet og Florø barneskole.

Oppvekst- og kulturutvalet skal ha fysisk møte i Øklandbygget, og på sakskartet står viktige saker som tilsynet ved Florø ungdomsskule, skulemiljøet ved Florø ungdomsskule, tilstandsrapport for grunnskulane i Kinn kommune, ferie-SFO, prosjektplan for Florø barneskole og barnehageinntaket.

Det er mogleg å vere til stades på møtet som tilhøyrar. Møtet startar kl. 9.

Statsforvaltaren: – Kommunen har ikkje retta pålegga fullt ut

Helse-, sosial- og omsorgsutvalet skal ha digitalt møte. Dei skal diskutere utvida skjenking under fotball-VM i sommar, status for Albertatunet, og skjenkeløyve til Chico Brand AS. Du kan følge møtet ved å logge deg inn via Teams. Då må du registrere deg som møtedeltakar, og hugse å slå av mikrofonen/mute på veg inn i møtet. Møtet startar kl. 9.

Plan- og miljøutvalet skal ha digitalt møte. Dei skal handsame detaljreguleringsplan for Naustholmen Nord, drøfte kommuneplanens arealdel, reguleringsplan for ny veg til Kystmuseet, reguleringsplan for nybygg til 330-skvadronen og Trovik-kvartalet.

Klagenemndaog*Administrasjonsutvalet* skal også ha digitale møte.

Du kan følge møta ved å logge deg inn via Teams. Då må du registrere deg som møtedeltakar, og hugse å slå av mikrofonen/mute på veg inn i møtet. Møta startar kl. 9.

NB: Dette er ikkje direktesendingar/streaming. Når du deltar i desse møta er du deltakar/observatør i det digitale møtet, og må oppgi namn. Dumå også hugse å slå av mikrofon og ditt eige kamera på veg inn i møtet. Det blir gjort opptak, men opptaket blir ikkje lagt ut offentleg.

Les meir om dei ulike møta, og les sakspapira, på Kinn.kommune.no

Formannskapet skal ha møte onsdag 26. mars. Det skjer i Måløy, men du kan følge møtet via Kinn kommune si direktesending i KommuneTV her: Kinn formannskap – enten direkte eller i opptak.

Formannskapet skal mellom anna diskutere saka «Kapasitet og utfordringar med innsynskrav»:

Kommunen opplever enorm pågang av innsynskrav: – Påverkar dei tilsette

Formannskapet skal også få informasjon om Albertatunet, Florø barneskole og vurdere dei to bassengalternativa i nordre Kinn.

Gruppeleiarutvaletskal også ha møte onsdag, på kveldstid. Dei skal diskutere storleik på kommunestyret i neste valperiode og godtgjersle og velferdsgoder for dei folkevalde. Dette er også eit digitalt møte.

Basseng til 65 millionar vil konkurrere med Nordfjordbadet

Slik vil dei realisere Nordfjordbadet i Måløy

🏷️ Extracted Entities (13)

Florø (entity) Kinn formannskap (organization) Albertatunet (entity) Kinn.kommune.no (organization) Måløy (place) Nordfjordbadet (entity) Teams (entity) Chico Brand AS (organization) Dei (entity) KommuneTV (entity) Kystmuseet (entity) Naustholmen Nord (person) Trovik (place)