Ole Sæter måtte ut på båre i kampen mellom Vålerenga og Rosenborg
Ekspertane er ikkje nådige i kritikken etter nok eit tap for Rosenborg.
Allereie før avspark i andre serierunde var Rosenborgs trufaste i «Kjernen» tydelege på at dei hadde forventningar til laget sitt i kampen mot Vålerenga.
«På tide å vakne», lydde Kjernens bodskap.
Men det gjekk inn det eine øyret og ut det andre. Etter ein mållaus første omgang skåra Carl Lange for bortelaget.
Derfrå fortsette Rosenborg-nedturen med nokre katastrofale minutt. Ivan Näsberg dobla leiinga for hovudstadslaget.
– Eg synest prestasjonen er eitt par hakk opp frå då me spelte mot Molde, men det er framleis ting å gå på. Så derfor er det skuffande, seier RBK-trenar Alfred Johansson til NRK etter kampen.
Førre veke gjekk Rosenborg på eit 0-2-tap mot Molde. Resultata kjem i forlenging av ein skuffande haust for trønderane.
KLAR BESKJED: Rosenborg-supporterane bad spelarane vakne.
– Ser ut som eit nedrykkslag
Ekspertane sparer ikkje på krutet om Rosenborg.
– Ein ting er jo det som skjer på banen, men det verkar som at heile klubben er litt kaotisk, seier NRKs ekspert Carl-Erik Torp.
– I store, historiske klubbar som Rosenborg – som er ein stor klubb i nasjonal målestokk og har vore ein europeisk klubb – så blir ein målt på resultata. Men eg trur nokon må få lov til å bringe klubben tilbake, seier Eirik Horneland.
RBK-TRENAR: Alfred Johansson.
Etter søndagens tap, trur Torp at Johansson må frykte jobben.
– Dei ser jo ut som eit nedrykkslag. Det må jo bekymre veldig, dei som er i klubben og rundt klubben, seier Torp.
Til NRK svarar Johansson:
– Eg veit at eg er ein dyktig trenar, og at eg har masse dyktige spelarar og folk rundt meg. Det skal eg la vere opp til andre å bedømme. Så får eg fokusere på å gjere jobben min.
– Det er sånn som skjer i sånne klubbar når resultata blir borte, så blir presset stort frå ulike hald. Det klubben kan gjere for å ta grep, er jo sjeldan å fjerne seg sjølv eller gjere endringar der. Det er jo å gjere eit grep på trenarsida. Det er heilt tydeleg at Johansson ikkje har fått til nokon utvikling i spelet, legg Torp til og legg til:
– Og eg meiner at det er mogleg å få til meir med laget dei har også. Dei er langt unna der dei burde vore. Så han lever frykteleg farleg, det er jo enkelt å skjønne. Og at det kan skje noko ganske kjapt, det er jo også sannsynleg.
I BAKKEN ETTER DUELL: Ole Sæter blei liggande etter ein duell på hjørnespark framfor eige mål.
Ole Sæter til sjukehus
Ole Sæter var tilbake på Lerkendal, ikkje som Rosenborg-spelar, men for Vålerenga.
Men det blei kort tid på graset i Trondheim. Dryge ti min etter han blei bytt inn, datt han i ein duell i feltet, og blei liggande.
Sæter blei liggande nokre minutt før han blei tatt ut på båre.
– Han fekk ein sleng på nakken. Det er viktig å vere grundig her, sa Simen Stamsø Møller i TV 2 si sending. Han heldt fram:
UT PÅ BÅRE: Ole Sæter fekk kort speletid mot gamleklubben.
– Det var ekle bilde. Han bevega på armar og bein, det såg eg, men det såg ikkje bra ut, avslutta han.
Etter kampen blei han sendt til sjukehus.
– Eg kjenner meg grei. Det er mest skuffelse, sa han til TV 2 på veg inn i ambulansen.
– Ole pådrog seg eit traume mot hovud og nakke. Biletdiagnostikk har ikkje påvist skjelettskade. Han blir følgd tett opp vidare, og me tek ingen sjansar ved denne typen skade, seier Vålerenga-lege Audun Finstad etter undersøkingar på sjuekhus.
TIL SJUKEHUS: Ole Sæter blei sendt til sjukehus etter kampen.
«Lov å vise respekt»
Den tidlegare Rosenborg-spelaren blei bytt inn etter 60 minutt spelt. Då leia Vålerenga 1-0. Sæter datt i bakken 12 minutt etter.
TV2-eksperten reagerte på kva han såg på tribunen i det Sæter var på veg ut av banen.
– Så er det lov å vise litt respekt og klappe han av banen, kom igjen då, sa Møller.
På tribunen stod RBK-tilhengjarane med hendene i kors. Minuttar før var det buing på stadionen.