Herold

Brann gjekk på sitt andre strake nederlag – tapte mot Tromsø i Bergen

Kilde: NRK Author: Even Norheim Johansen Published: 2026-03-22 15:37:39 Last updated: 2026-03-22 19:14:41
Brann gjekk på sitt andre strake nederlag – tapte mot Tromsø i Bergen

Tromsø tok kommandoen frå start og vant 2–1 borte mot Brann sundag. Branns midtstoppar Nana Boakye måtte ut med skade.

Hatmeldingar, brennheite kommentarfelt, knuffing, sabotasje og truslar om vald.

Det var nokre av konsekvensane av den betente debatten som har prega Bergen denne vinteren.

Sundag kveld var det ingen veg tilbake: Tromma debuterte når Brann tok imot Tromsø på Brann Stadion.

Tromme spelte andrefiolin

Men tromma spelte aldri noko hovudrolle på Stadion.

Tromma som lagde mest lyd stod på bortefeltet, og trommeakvititeten frå heimefeltet var avmålt kampen gjennom.

Dermed blei ikkje det kontroversielle supportergrepet så omdiskutert på ein elles bekmørk Brann-kveld.

TIFO: Dette synet møtte spelarane før Branns første heimekamp i 2026-sesongen.

Måtte ut med stygg skade

Tromsø banka Fredrikstad 4–0 i serieopninga førre helg og opna forrykande i Bergen. Venstre vingback Alexander Warneryd gav bortelaget fortent leiinga etter ti minutt.

Ti minutt seinare måtte Brann-keeper Mathias Dyngeland varta opp med ei flott dobbeltredning for å hindra TIL-vingback Leo Cornic frå å legga på til 2–0.

I staden var det Brann som fekk utlikna etter 43 minutt, då Bård Finne fann Felix Horn Myhre føre mål.

Nana Boakye blei syndebukk då Brann tapte 2–3 mot Kristiansund i serieopninga, medan sundagens kamp enda på smertefullt vis for ghanesaren.

Like før pause gjekk midtstopparen i ein duell og blei liggande med store smerter etter at kneet hans vridde seg i ein kinkig posisjon. Boakye måtte ta til tårene før han fekk hjelp til å hinka av banen.

– Han er fortvila. Han blir kasta ut i ei verklegheit han ikkje har opplevd før. Me gjennomfører undersøkingar umiddelbart. Der har me indikasjonar på at det er alvorlege skader i kneet, seier Brann-lege Arne Instebø, og legg til at dei får fasiten i morgon.

– Eg håpar det går greitt med han. Eg høyrer han ligg og skrik når han blir treft ute på banan og seier at kneet hans ikkje følast bra, så me håpar det går fint, sa Felix Horn Myhre til TV 2 i pausen.

KNESKADE: Alt tyder på at Brann-stopparen har fått ein alvorleg kneskade.

Brann heva seg spelemessig etter pause, men fekk ein tidleg kalddusj då Daniel Braut var på rett plass til rett tid og sørga for 2–1 til Tromsø.

Heimelaget pressa på for utlikning og ropte eit par gonger på straffe, men det ville seg ikkje for bergensarane.

Det som har vore ei splittande og kontroversiell avgjerd i supportermiljøet i Bergen, har også gitt merksemd utanfor bygrensene i vestlandshovudstaden.

Drygt åtte hundre supportarar marsjerte i pøsande regnvêr før kampen frå Krohnsminde til Stadion.

«Ove Thue-marsjen» har dei siste fem åra vore eit fast innslag før årets første heimekamp. Dette året har vore uvanleg bråkete internt i supportermiljøet, men tromma spelte på alle måtar fjerdefiolin i Bergen.

«Engelsk stil» tapte slaget

Det som har vore eit tabu på Store Stå i lang, lang tid, blei ein realitet sundag kveld.

Tradisjonelt har Brann-fansen vore stolte av sin «anglofile» stil, der songen skal stiga og søkka i takt med det som skjer på bana, berre driven av stemmekraft. Motstandarar har ofte vorte møtte med hånlege tilrop om dei har våga å ta med seg slagverk til Bergen.

– Heile «Store Stå» har alltid sunge «Vi skal knuse trommen, vi er Brann». Og no skal vi brått ha trommer.

– Det har ikkje heilt gått opp for meg, sa Kevin Ellingsen til NRK tidlegare i veka.

BORTEKAMP: Det er i stor grad dei yngre fraksjonane av Brann-supporterane som har tatt til orde for trommebruk. Her frå ein bortekamp på Intility Arena i Oslo.

Dei siste månadane har han hatt stand utanfor Brann Stadion, med slagordet «Stopp trommen». Han har samla inn over 2000 underskrifter.

Men i kveld er det Brann-fansen sjølv som skal setje takten.

Supporterane som har kjempa for tromma, meiner ho er nødvendig for å halde trykket oppe gjennom 90 minutt og samle heile Stadion til eitt felles brøl.

– I dag blir tribunekulturen driven framover av mange unge i ultrasmiljøet. Det er dei som brukar tid på det, dei som reiser mest, og dei som skapar noko nytt på tribunen, sa trommeforkjempar Joakim Randa Berthelsen

🏷️ Extracted Entities (27)

Bergen (entity) Brann Stadion (organization) Tromsø (place) Eliteserien i fotball 2026 📁 (category) Fotball 📁 (category) Norge 📁 (category) SK Brann 📁 (category) Felix Horn Myhre (person) Nana Boakye (person) Store Stå (entity) Alexander Warneryd (person) Brann-keeper Mathias Dyngeland (organization) Brann-lege Arne Instebø (organization) Bård Finne (person) Daniel Braut (person) Engelsk stil (entity) Fredrikstad (place) Intility Arena (organization) Joakim Randa Berthelsen (person) Kevin Ellingsen (person) Kristiansund (place) Krohnsminde (entity) Oslo (place) Ove Thue\-marsjen (entity) Stopp trommen (entity) TIL-vingback Leo Cornic (organization) TV (entity)

📊 Metadata

Category: SK Brann, Eliteserien i fotball 2026, Norge, Fotball
OpenGraph Title: Her er tromma som splittar supporterane på plass i Bergen
Twitter Title: Her er tromma som splittar supporterane på plass i Bergen