Herold

Spansk-tysk samarbeid skal styrke europeisk luftvern

Kilde: Forsvaretsforum Author: Oda Eggesbø Ottesen Published: 2026-03-21 05:00:00
Spansk-tysk samarbeid skal styrke europeisk luftvern

Diehl Defence og Indra-gruppa skal saman utvikle nye system for luft- og missilforsvar. Dei skal tilpassast det spanske militæret.

Den europeiske fellesinnsatsen for å bli mindre militært avhengig av USA har blitt tilført ein ny produksjonsavtale, melder The Defense Post.

Tyske Diehl Defence og spanske Indra-gruppa har avtalt å saman utvikle system til landbasert luftforsvar med ei middels lang rekkevidd.

Løysinga er skreddarsydd til det spanske militæret og tek utgangspunkt i Diehl sine missil i IRIS-T-familien og Indra sin radar- og kommunikasjonsteknologi.

– Saman skal vi auke variasjonen i dei landbaserte luftvernsystema som er tilgjengelege, for å sikre sjølvstyret og sjølvbestemminga som kundane våre er ute etter, seier leiaren for Dehl Defence, Helmut Rauch, i ei pressemelding frå dei to selskapa.

– Avtalen er ein tilførsel til produksjonen i Spania av nye system og missil av denne typen, seier Indra-leiar José Vicente de los Mozos i den same pressemeldinga.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.

LES OGSÅ:

🏷️ Extracted Entities (22)

Indra (entity) nyheter 📁 (category) Europa 🏷️ (keyword) Luftforsvar 🏷️ (keyword) Luftforsvaret 🏷️ (keyword) Missil 🏷️ (keyword) NATO 🏷️ (keyword) Nyheter 🏷️ (keyword) Spania 🏷️ (keyword) Tyskland 🏷️ (keyword) luftvern 🏷️ (keyword) materiell 🏷️ (keyword) The Defense Post (organization) Tyske Diehl Defence (organization) Dehl Defence (person) Diehl (entity) Helmut Rauch (person) IRIS-T (entity) Indra-leiar José Vicente (organization) Mozos (entity) Spania (entity) USA (entity)

📊 Metadata

Category: nyheter
Keywords: europa, tyskland, spania, nyheter, nato, missil, materiell, luftvern, luftforsvaret, luftforsvar