Inviterer til stor folkefest i kulturhuset: – Det vert nokre overraskingar
Plus
400 bilettar er rivne vekk.
163 personar skal opptre
Pølser frå brannsjefen
Fredag 5. desember inviterer Voss herad til ei storslått feiring i biblioteket i Voss kulturhus.
– Voss herad var ein av tre nominerte til årets kulturkommune i år, og no er me også ein av tre nominerte til å få årets frivilligpris. Det fortener ei skikkeleg feiring, seier kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad, Trude Letnes.
Arrangementet tek 400 personar, og billettane er alt no rivne vekk.
– 163 av dei er personar som skal opptre på scenen, så her får ein verkeleg sjå mangfaldet av det rike kulturlivet me har her. No vil me gjera skikkeleg stas på alt som rører seg innan kultur og frivilligheit i det flotte heradet vårt. Voss sparebank sponsar folkefesten. Me er utruleg heldige som har ein så raus bank i heradet, seier Letnes, som sjølv er konferansier for kvelden.
Mellom dei som skal opptre er Fossegrimen, Voss skulemusikk, Voss Musikklag, Distriktsmusikarane, Songkoret Bygdaklang, Voss spelemannslag, Twang Gang og mange fleire.
– I tillegg vert det nokre overraskingar undervegs, me skal mellom anna ha ei veldig vakker opning.... Kulturprisen skal også delast ut under arrangementet, seier Letnes.
Dagen etterpå er det også offisiell opning av brannstasjonen i Tvildemoen. Her fortalde brannsjef David Skjerven at han hadde bestilt inn 2000 pølser til vossingane.
– Han var faktisk så grei at han bestilte 800 pølser også til dette arrangementet! Så det vert skikkeleg pølsefest her også.
Utdelinga av årets frivilligpris skjer 4. desember i Oslo. Det er Voss, Ringerike og Frogn som er årets finalistar.
Letnes er spent på om Voss vinn prisen.
– Det er i så fall utruleg fortent. Dugnadsånda og frivilligheita som finst her er heilt eineståande. Om me vinn, vert det i så fall endå ein god grunn til å feira på fredag!
No er datoen for opning klar: – Eg har bestilt 2000 pølser