Herold

Naturen herja hardt med oss i fjor. Sjå kva det kosta oss lokalt

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee og Samarbeidsdesken Published: 2025-12-01 04:00:00
Naturen herja hardt med oss i fjor. Sjå kva det kosta oss lokalt

2024 blei eit dyrt år for forsikringsselskapa i Kinn kommune. Ikkje sidan kriseåret 2016 har naturskadeutbetalingane bikka 15 millionar.

Milliardbeløp

– Lær av kvarandre

God butikk i god planlegging

Store variasjonar

Når uhellet er ute, er det som kjent godt å vere inne. Men om du sjølv kjem uskadd frå storm og ekstremver, så går det ofte hardt utover hus, heim, hytte – og kanskje båt.

No har Samarbeidsdesken henta ut tal som viser ned på kommunenivå korleis talet på naturskader har utvikla seg dei siste ti åra – og kva det kostar forsikringsselskapa.

*I denne saka gir vi deg nøkkeltala for Firdaposten sitt dekningsområde, Kinn og Bremanger. *

Den korte versjonen er at 2024 blei eit dyrt år, med ein markant auke i talet på naturskader som førte til forsikringsutbetalingar. Totalt bikka utbetalingane over 15 millionar kroner i Kinn åleine. Det er likevel berre halvparten av det verkeleg store kriseåret i tiårsperioden, nemleg 2016, då den samla summen nesten bikka 30 millionar kroner.

Kva var det som var så spesielt med 2016? Jau, dette året var veret på Vestlandet prega av svært store variasjonar. Først kom ein svært varm og tørr sommar, avløyst av store mengder nedbør på kort tid. Også vinteren blei spesiell. Desember var uvanleg varm, med hetebølge og kraftig vind, som igjen gav oss ekstremveret «Urd». Og dermed kom også naturskadane.

(Saka held fram under bildet)

Her er nokre nøkkeltal for Kinn:


For Bremanger sin del, er skadetalet naturleg nok lågare, og dei fordeler seg litt annleis:

Ser vi nærmare på kva naturskadane kostar kvar og ein av oss, vart 2024 eit relativt dyrt år for Bremanger sin del, med 1109 kroner per innbyggjar. Det verste året, i 2018, var summen 2082 kroner.

i Kinn blei prislappen 880 kroner i 2024, medan det i rekordåret 2016 hamna på 1616 kroner per snute.

Ein tiårsperiode er likevel eit kort tidsintervall å fastslå trendar på. Men vi ser ein jamn auke i saker og kostnader dei siste fire åra lokalt hos oss. Ser vi på landstrendane, er auken i saker og kostnader endå meir tydeleg i tiårsperioden. Det er særleg skadane etter kraftig nedbør som aukar. Overvatnsskadar har auka med 70 prosent sidan 2015.

Og utviklinga vil neppe snu, fyktar Nina Lærde Wiig i Finans Norge:

Bio Nina Lærde Wiig – Framover må vi vente endå fleire vatn-, skred- og flaumskadar på grunn av klimaendringane. Dette er ikkje noko som vil skje i framtida, auken har allereie starta, slår ho fast og held fram:

– Vi ser at store hendingar kjem oftare. Berre dei siste åra har vi hatt skredet i Gjerdrum i 2020, ekstremvêret "Hans" i 2023 og "Amy" i år, seier ho.

Dei siste ti åra har vêr- og naturskadar på bygningar og innbu kosta forsikringsselskapa 38 milliardar kroner. I tillegg kjem mellom anna skadar på bilar, vegar, statlege bygningar og landbruksareal.

Skadane etter "Amy" er venta å koste rundt 1,8 milliardar kroner – i tillegg til overvatnsskadar som det førebels ikkje finst oversikt over. Overvatnsskadar er eit stort problem i tettbygde område der vatnet ikkje finn andre vegar å renne enn inn i bygningar. Vatn er òg eit problem i grisgrendte strøk, men då ofte i form av flaum og skredskadar.

Det tek tid å rekne ut den totale kostnaden etter ekstremvêr. Erstatningskostnadene etter "Hans" var på 3,2 milliardar kroner, men den totale samfunnsrekninga er anslått til over 7 milliardar kroner.

Kommunane har eit særleg ansvar for førebygging av vêr- og naturskadar. Finans Norge tilrår kommunane å gjere samfunnsøkonomiske analysar for å finne dei mest lønsame tiltaka.

– Det kostar langt meir å reparere enn å førebyggje. Dei kan spare inntil seks kroner per investert krone, seier Wiig.

Ho tilrår kommunane å lære av kvarandre og nytte tilgjengelege data om vêr, klima og skadestatistikk.

Innbyggjarane bør òg gjere sitt for å førebyggje skadar. Nina Lærde Wiig tilrår folk å følgje med på farevarsel.

– Er det meldt kraftig vind, er det viktig å sikre lause gjenstandar. Flygande trampolinar er ein gjengangar. Er det meldt kraftig nedbør, sjekk at takrenner, sluk og andre avløp er fri for is, lauv og rusk. Vedlikehald av tak og drenering vil òg løne seg, seier ho.

Ein som forskar på temaet, er Torbjørn Selseng. Han er leiar for Norsk klimamonitor og forskar ved Vestlandsforsking. Selseng meiner kommunane sjølve har ei nøkkelrolle:

Bio Torbjørn Selseng – Kommunane har eit særleg ansvar for klimatilpassing, fordi dei har eit verktøy som gjer det mogleg: Arealplanlegginga. Det er kommunane som bestemmer korleis vi skal røra oss og kor vi skal bu, og i stor grad legg føringane for om det kjem til å skje på ein trygg måte, seier Selseng.

Både sivilbeskyttingslova og plan- og bygningslova pålegg kommunane å ta omsyn til auka risiko for naturfarar som flaum og skred og sikre at framtidig utbygging og eksisterande infrastruktur er klimarobust. Dette inneber å kartleggje sårbarheit, tilpasse areal- og samfunnsplanar og vurdere klimatilpassing i byggjesaker. Kommunane har òg eit ansvar for å løyse problem som allereie eksisterer, til dømes bustadfelt som ligg i flaumutsette område.

– Det er stor variasjon i kor godt kommunane arbeider med dette. Det er relativt lite pengar å søkje på til klimatilpassing, så kommunane må ta heile eller delar av rekninga sjølv. Det kan vere vanskeleg å setje av pengar og folk til dette for kommunar som har tusen andre oppgåver dei må løyse, seier Torbjørn Selseng.

Ei rekkje undersøkingar viser at investeringar i klimatilpassing vil gje stor innsparing på sikt.

– Vi kan ikkje lenger velje bort å tilpasse oss til klimaendringane. Sjølv om vi hadde stansa klimagassutsleppa i dag, ville endringane halde fram med å auke i så stor grad at vi er nøydd til å tilpasse oss, seier Selseng.

Tal om forsikringssaker er henta frå Norsk Naturskadepool og Finans Noregs vasskadestatistikk. Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

  • I 2024 fekk vi 55 stormskader. Det er det høgaste talet sidan 2016, med 409 skader.
  • Vassinntrenging er ikkje uventa den største enkeltårsaken til naturskader i vårt område. I fjor blei eit rekordår, med 131 saker i Kinn kommune.
  • Trøbbel med avløp er også ein gjengangar. Det blei ny rekord i 2024 med 39 saker.
  • 2024 gav 28 forsikringssaker som følgje av frostskader. Det er det verste året sidan 2021, då talet var 73.
  • Skred er ikkje det store problemet hos oss. I fjor gjekk det to skred i Kinn som gav naturskader. Toppåret var 2018, med 10 saker
  • Merkeleg nok blei det berre registrert ei naturskadesak knytta til flaum i fjor. I 2022 var talet sju.
  • I Kinn blei det registrert to skadesaker knytt til stormflo i 2024. I 2020 var det 19 slike saker.
  • Våre område er heldigvis forskåna for jordskjelv. På ti år er jordskjelv årsaka til berre tre naturskader.