Herold

Er dette meir enn berre strekar pÄ kartet?

Plus
Kilde: Sydvesten Author: SĂžlve Rydland Published: 2026-03-21 23:10:00
Er dette meir enn berre strekar pÄ kartet?

ByrĂ„det vil sĂ„ gjerne gje utbyggarane ein strek pĂ„ kartet slik at dei kan starta bygging. Det dei ĂČg treng, er kamp for at traseen faktisk vert bygd.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

BA:Nyleg har BA skrive at byrÄdet i Bergen har teikna nokre strekar pÄ eit kart. Strekane skal visstnok representera delar av ein ny bybanetrasé vestover.

Kanskje, kanskje, kan desse strekane sÄnn cirka om 16 Är vert til ein bybanetrase. Om det ikkje vert nye strekar i rekninga, vel og merka.

I sommar feirarkrangelen om nokre andre omstridde strekar pÄ kartet 15 Är.

Like fÞr tÞnnebÄlet vart tent pÄ LaksevÄg i 2011 la nemleg byrÄdet fram dei fÞrste strekteikningane for korleis Bybanen skulle komma seg til nordre bydel.

Debatten tok fyr umiddelbart. Ikkje berre viste skissene strekar over Torget og langs Bryggen, men jammen meg hadde bybaneplanleggarane sett fĂžre seg at traseen ĂČg kunne gĂ„ over Torgallmenningen.

Ja, det fĂžrte til ramaskrik.

Likevel stod det ikkje pÄ ambisjonsnivÄet nÄr det gjaldt framdrift.

ByutviklingsbyrĂ„d Lisbeth Iversen (KrF), som pĂ„ inn- og utpust snakka om politikk som «det muliges kunst» hĂ„pa at bygginga kunne starta allereie i 2014. Ære vera henne for det.

Sidan har hastverk sĂ„ absolutt vore lastverk. SjĂžlv om kvar einaste byutviklingsbyrĂ„d – Ă„tte i talet – har hatt det frykteleg travelt, har ingenting vorte realisert. Bortsett frĂ„ stadig fleire strekar pĂ„ kartet, vel og merka.

NÄr det gjeld Bybanen vestover, mellom sentrum, LaksevÄg og Loddefjord, ser politikarane derimot ut til Ä ha all tid i heile verda.

Joda, nyleg la byutviklingsbyrÄd Eivind NÊvdal-Bolstad (H) fram ei strekteikning, i eit forsÞk pÄ Ä visa litt handlekraft. Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=504050

MÄlet med Ä banka gjennom ein raud strek mellom Dokken og LyngbÞ (!), er slettes ikkje for Ä fÄ fortgang i prosessen med Ä bygga bane, men at utbyggarane som ivrar om Ä fÄ bygd ut bustadar og nÊring mellom Puddefjordsbroen og LaksevÄgneset skal kunna ha ein strek pÄ kartet Ä forholda seg til, og aller helst komma i gang med Ä bygga.

Det er viktig nok. Men ikkje nok.

Problemet er at den nemnde bybanetraseen langt pÄ veg er ein fÞresetnad for dei store utbyggingsplanane bÄde pÄ Dokken og LaksevÄg. Ja, fagfolka i kommunen og innleigde konsulentar har nemleg slÄtt fast at det mÄ meir enn ein strek til for Ä verkeleg fÄ fart pÄ utbygginga. Dei meiner at det berre er forsvarleg Ä bygga litt under 40 prosent av det som er planlagt pÄ LaksevÄg-sida. SÄ lenge Bybanen ikkje er pÄ plass, altsÄ.

Grunnen er at vegsystemet mellom LaksevÄgneset, Puddefjordsbroen og Danmarks plass vil knela dersom ein bygger meir.

ByutviklingsbyrÄd Eivind NÊvdal Bolstad, pÄ si side, set sin lit til at politikk framleis er «det muliges kunst», og har tru pÄ at ein kan greia Ä bygga ut langt meir enn det hans eigne fagfolk pÄstÄr.

Det er all grunn til Ä stilla spÞrsmÄl ved kor forsvarleg det vil vera med dagens infrastruktur.

Likevel ser byrÄdet ut til Ä ha veldig god tid med Ä fÄ pÄ plass resten av strekane som skal til for Ä faktisk kunna bygga bybane vestover.

Å ta stilling til korleis Bybanen ein gong i framtida skal kunna ta seg frĂ„ sentrum til Dokken og frĂ„ LyngbĂž til Loddefjord, ser ut til Ă„ vera lettare sagt enn gjort med dagens fleirtal pĂ„ rĂ„dhuset. BA Snakk

Trond Tystad (Bergenslisten), og fleire med han, har vore kategorisk pÄ at dei ikkje vil ha sÄ mykje som ein strek pÄ gateplan gjennom sentrum. ByrÄdet har til no ikkje vist sÊrleg iver etter Ä peika pÄ ei alternativ tunnellÞysing.

Er planenÄ setta ein strek over det heile, og overlata jobben til den neste byutviklingsbyrÄden?

Ja, skeptikarane sÄr tvil om byrÄdet eigentleg har noko tru pÄ Ä bygga bybane vestover i det heile.

Det er dei sĂ„nn sett ikkje Ă„leine om. Fylkeskommunen ser nemleg pĂ„ eit bybaneprosjekt vestover som eit hypotetisk framtidsprosjekt, som dei endĂ„ eigentleg ikkje har rekna pĂ„ nytten av. Dei vil helst ikkje hĂžyra snakk om andre strekar pĂ„ kartet, fĂžr bygginga mot Åsane er i gang.

Det gjer pÄ sett og vis at byrÄdet eigentleg framleis har ganske god tid pÄ seg. Den siste prognosen tyder nemleg pÄ at ein tidlegast kan stikka spaden i jorda for bana vestover i 2040.

At planen erat bygginga mot vest, i aller beste fall, skal starta om 16 Är, stiller byplanlegginga i Bergen i eit ganske suspekt lys.

For dei som skal bygga nÊring og bustadar pÄ LaksevÄg er Bybanen ein del av dealen dei har gjort med kommunen som byplanleggingsaktÞr. Og: Som fagfolka i kommunen tydeleg presiserer; utan Bybanen er det uforsvarleg Ä bygga i den mÄlestokken som eigedomsaktÞrane og kommunen faktisk Þnsker.

Vegvesenet stÄr klare til Ä levera motsegnene som skal til for Ä unngÄ trafikkork.

Om Bergen verkeleg meiner alvor med byutvikling pÄ Dokken, langs Puddefjorden og pÄ LaksevÄg, kan ikkje bybanen berre vera ein hypotetisk framtidsvisjon, som ikkje vert lagt politisk prestisje i.

I dag minnerdet heile mest om eit billeg salstriks, som paradoksalt nok er avslĂžrt av kommunen sine eigne fagfolk.

Prosessen mot Åsane viser kor mykje det straffar seg Ă„ ikkje greia Ă„ landa ei endeleg lĂžysing. Ja, ei lĂžysing som ĂČg toler at veljarane stemmer inn nye folk i byrĂ„dskontora pĂ„ rĂ„dhuset.

Mot Åsane mĂ„ikkje berre fagfolka i kommunen greia Ă„ landa ei teknisk og finansieringsmessig forsvarleg lĂžysing. Nei, dei mĂ„ ĂČg kryssa fingrane for at staten kjem i gang med Ă„ forlenga FlĂžyfjellstunnelen; eit arbeid som etter planen skal ta Ă„tte Ă„r og tidlegast kan komma i gang i 2028.

Om ein ikkje kjem i gang i tide, er det slettes ikkje sikkert at 2040 er eit realistisk oppstartsÄr for den hypotetiske bana vestover.

Og bank ibordet, og gud forby: Om arbeidet mot nord igjen skulle gÄ pÄ trynet, er det ingenting som tyder pÄ at byrÄdet er klare til Ä ha bana vestover klar som ei naudlÞysing.

Det var som fĂžlge av ein slik strek i rekninga Bybanen mot Fyllingsdalen vart til for ein halv bybanekrangel sidan.

Sanninga er at bergenspolitikarane til no har brukt Bybanen vestover som eit rÄtt argument for Ä fÄ til byutvikling, men har brukt veldig fÄ kaloriar pÄ Ä sÞrga for at bana nokon gong vert bygd.

Det er heller ikkje lagt press pĂ„ fylket om at bana vestover faktisk mĂ„ komma sĂ„ snart Bybanen er framme i Åsane.

Skal utbyggingane pÄ Dokken og LaksevÄg verta ein suksess, og ein integrert del av resten av byen, treng ein Bybanen. Ikkje berre tankestrekar pÄ kartet.

Det vil krevja ei meir offensiv politisk linje frÄ byrÄdet.

đŸ·ïž Extracted Entities (20)

Bybanen (entity) Dokken (entity) LaksevĂ„g (entity) Åsane (entity) Bergen (entity) LaksevĂ„gneset (entity) Loddefjord (place) LyngbĂž (entity) Puddefjordsbroen (entity) Bryggen (entity) ByutviklingsbyrĂ„d Eivind NĂŠvdal Bolstad (organization) Danmark (entity) Eivind NĂŠvdal-Bolstad H (organization) FlĂžyfjellstunnelen (entity) Fyllingsdalen (entity) Puddefjorden (entity) Snakk (entity) Torgallmenningen (entity) Torget (entity) Trond Tystad Bergenslisten (person)