Herold

Frøya valt til toårig fylkesverv: – Vil vera ei røyst for unge som ikkje tør å ta ordet sjølv

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingvild Sjo Published: 2026-03-21 15:37:00
Frøya valt til toårig fylkesverv: – Vil vera ei røyst for unge som ikkje tør å ta ordet sjølv

Frøya Sverresdotter Hatteberg (17) er leiar i Kvinnherad ungdomsråd. No er ho valt inn i Vestland ungdomsutval òg.

Fylkesting for ungdom (FFU) hadde møte i tre dagar på Scandic-hotellet på Flesland førre helg.

Frå Kvinnherad deltok Frøya Sverresdotter Hatteberg og Ammro Kordo frå Kvinnherad ungdomsråd. Bror til Frøya,Tord Sverresson Hatteberg, deltok som avtroppande varamedlem i Vestland ungdomsutval (VU).

Frøya Sverresdotter Hatteberg seier til Kvinnheringen at ho set pris på å bli valt til eit to-åring medlem. Alt neste veke skal VU ha presentasjon for fylkestinget.

– Ein pådrivar for meg i dette arbeidet er å vera ei røyst for unge som ikkje tør å ta ordet sjølv, seier ho.

Saker ho meiner er viktige å arbeida for er kollektivtransport og ungdomsbilletten, at alle ungdommar skal få læreplass, og sommarjobbar til ungdom.

Frøya set seg for tida inn i kva det vil seia å vera medlem i VU.

Under møtet sist helg var innlegg av fylkesdirektøren og fylkesvaraordføraren på programmet, i tillegg til debattar, sosiale aktivitetar. Ein viktig del var samtalar og samarbeid mellom representantar frå ulike kommunar.

Arealplanen: – Har blitt jobba dag og natt

🏷️ Extracted Entities (9)

Frå Kvinnherad (person) Frøya Sverresdotter Hatteberg (person) VU (entity) Vestland (place) Ammro Kordo (person) FFU (entity) Flesland (place) Frøya,Tord Sverresson Hatteberg (organization) Scandic (entity)