Herold

Her sprenger dei plass til nytt bustadområde

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-03-21 12:48:12
Her sprenger dei plass til nytt bustadområde

Bustadprosjektet Gartnerihagen på Rognaldsmarka er kome godt i gang, og no blir det jobba med grunnarbeid.

– Vi har seld 28 leilegheiter så langt og det er vi godt nøgde med. Interessa går i bølger og vi hadde nyleg ein kunde som tok valet på berre to dagar, fortel Andreas Grøneng, som er prosjekteringsleiar hos Consto.

Akkurat no blir det jobba med sprenging på tomta, og dette vil gå føre seg fram til midten av april.

Sprenger seg plass

Førde-entreprenøren Magne Hafstad AS er medeigar i prosjektet og utfører dette arbeidet.

– Det blir laga ein parkeringskjellar, og på toppen av denne kjem det to leilegheitsbygg. Vest på tomta blir det mest sprenging for å kome ned på rett nivå.

I mai set dei i gang med støyping av fundamentet, og deretter blir det montert betongelement. Etter ferietid begynner bygga å vise igjen på tomta som sakte, men sikkert blir omforma til eit nytt bustadområde.

Effektiv vinterdrift

Våren 2028 vil mange nye bebuarar flytte inn på sine nye adresser. Då er det etablert gangveg frå Vangsvegen i sør, gjennom Gartnerihagen og ned mot Storevatnet i nord.

– Vi har fått gjort mykje godt arbeid gjennom ein tørr vinter. Tomta er blitt reinska og klargjort for sprenging, forklarer Grøneng.

Alle bygga på tomta er fjerna, bortsett frå det siste drivhuset som utbyggarane skal bruke som mellombels lager fram til neste byggesteg.

Må ta omsyn

Storevatn barnehage grensar til det som no er blitt eit anleggsområde, og entreprenørane har tilpassa arbeidet for ikkje å forstyrre barna som treng kviletid.

– Dei næraste naboane blir fortløpande orientert om arbeidet, og spesielt ved sprenging er det viktig å få ut informasjon. Vi har tett dialog med barnehagen.

Sjølv om det framleis er 11 ledige leilegheiter, er ikkje prosjekteringsleiaren uroa for at dei ikkje skal få fylt opp første byggesteg.

Totalt er det planar om rundt 70 leilegheiter på tomta.

– Mi erfaring er at fleire vil kjem på bana når bygga tek form, og spesielt når dei er sett opp.

Fekk ein smak av leilegheitslivet: – Tida er inne for ein lettare kvardag

Rivejobben har starta i Gartnerihagen: – Endeleg skjer det noko

Har funne ei løysing for Gartnerihagen: – No skjer det!

I 2013 lanserte dei bustadprosjektet Gartnerihagen. No, tallause rundar og sju år seinare, er det vinn eller forsvinn.

🏷️ Extracted Entities (7)

Bustadprosjektet Gartnerihagen (organization) Andreas Grøneng (person) Consto (entity) Førde-entreprenøren Magne Hafstad AS (organization) Rognaldsmarka (entity) Storevatnet (entity) Vangsvegen (entity)