Herold

Inviterer til dobbel skipsdåp i Florø

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-03-21 23:22:00
Inviterer til dobbel skipsdåp i Florø

Sordal Sea Service slår på stortromma og inviterer til dobbel skipsdåp i Florø onsdag ettermiddag, med gratis grillmat, omvising og fyrverkeri.

– Kom og bli med på ei triveleg og høgtideleg markering, inviterer dagleg leiar i Sordalgruppen, Even Søreide.

Konsernet Sordalgruppen AS har kontor i Oslo og Førde, men røtene og hovudkontoret er på Søreide i Høyanger kommune. Selskapet deira Sordal Sea Service leverer tenester til oppdrettsanlegg langs heile norskekysten, og no skal to nye fartøy døypast. Sordal Aqua skal gå i trafikk i regionen vår, mens Sordal Sognefjord skal til Helgelandskysten på langtidskontrakt med oppdrettarar der.

– Men kvifor har de skipsdåp i Florø?

– Eg har jo tilknyting til staden, mor mi er frå Florø. Men hovudgrunnen er at Florø er lett tilgjengeleg, både med flyplass for dei tilreisande gjestene våre, og for kompetansemiljøet vi samarbeider med i Måløy, seier Even Søreide.

Dei har fleire leverandørar i Måløy; Stadyard, Måløy verft og Ulvesund elektro.

– Desse selskapa har maritim spisskompetanse, og er heilt utruleg flinke. Det handlar om store verdiar for oss, og dei er i trygge hender i Måløy, skryt han.

Det heile startar med open båt på Fugleskjærskaia klokka 15.00 onsdag 25. mars, og her kan ein få omvising om bord. Dei fyrar også opp grillen og serverer hamburgar og pølser, barna kan få lære seg å knyte knutar, og butikken deira Sordal Supply har stand. Klokka 18.00 er sjølve dåpsseremonien, og til slutt vert det heile toppa med fyrverkeri.

Eit 70-tals gjester kjem reisande til Florø for dåp og festmiddag på Quality hotell, og det er Høyanger-ordførar Petter Sortland som er gudfar og skal døype dei to fartøya.

– Eg høyrer at florøfolk er glade i skipsdåp, så vi håpar folk kjem og feirar med oss!, oppfordrar Søreide.

🏷️ Extracted Entities (18)

Florø (entity) Even Søreide (person) Måløy (place) Sordal Sea Service (person) Fugleskjærskaia (entity) Førde (entity) Helgelandskysten (entity) Høyanger (entity) Høyanger-ordførar Petter Sortland (organization) Konsernet Sordalgruppen AS (organization) Måløy; Stadyard (organization) Oslo (place) Quality (entity) Sordal Aqua (person) Sordal Sognefjord (person) Sordal Supply (person) Sordalgruppen (entity) Ulvesund (place)