Samla inn storsum i fjor: No er dei klare for eit nytt eventyr
Plus
I fjor traska Mariann og Anita gjennom skog og mark til inntekt for kreftsaka. I Är fortset dei kampen. Denne gongen frÄ sykkelsetet.
Laurdag 11. april skal Mariann Einestrand og Anita RamsÞy gjere noko ein ikkje gjer kvar dag. Dei hiv seg nemleg pÄ sykkelen for Ä sykle rundt Nordhordland.
MÄlet er Ä bidra med det dei kan for Ä sette fokus pÄ og samle stÞtte til kreftsaka.
â Vi gler oss, men vi veit at det kjem til Ă„ bli tungt, fortel dei om det som ventar dei.
Skal sykle smÄvegar
Dei to damene som til dagleg jobbar ved Lindex i Amfi Knarvik er ikkje redde for Ă„ gi seg sjĂžlv ei utfordring.
Sykkelturen tar dei frÄ Knarvik til Austrheim om RadÞy. SÄ vender dei om og syklar tilbake til utgangspunktet om LindÄs.
RamsÞy fortel at dei i hovudsak skal sykle pÄ sidevegane i omrÄdet.
â Det er nok ikkje trygt Ă„ sykle pĂ„ vegen der det er 80-sone.
Skal trene godt
â Eg har nemleg ikkje sykla pĂ„ 7 Ă„r.
RamsÞy fortel at ho sist sykla for to Är sidan under ein ferie. Dei to har planar om Ä sykle ein del dei neste vekene, for Ä fÞrebu seg. Dei gler seg skikkeleg til turen.
à utfordre seg sjÞlve er ikkje ukjent farvatn for RamsÞy og Einestrand. I fjor gjekk dei nemleg i 24 timar frÄ Rossnes kai nord pÄ RadÞy til Skjelanger kai pÄ nordsida av HolsnÞy.
Erfaring kan komme til nytte
Dei to damene hugsar fjorÄret som skikkeleg gÞy. Dei fekk oppleve at folk heia dei fram langs vegen.
I fjor greidde dei Ă„ samle inn heile 64.200 kroner til kreftsaka. Det gjekk over all forventning i hĂžve til kva dei trudde dei kom til Ă„ samle inn. Dei lĂŠrte at ein greier mykje meir enn det ein trur.
â To enkeltpersonar kan utgjere ein stor forskjell, seier dei begge.
Einestrand innrÞmmer likevel at dei 12 siste timane var tunge, spesielt dÄ det mÞrkna pÄ.
â Det var verdt bryet dĂ„ vi sĂ„g kor mykje vi greidde Ă„ samle inn, og dĂ„ folk heia og stĂžtta oss undervegs pĂ„ turen.
Gjekk i 24 timar og rundt 60 kilometer for kreftsaka