Herold

– Ei heilt spesiell oppleving

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-03-21 15:56:46
– Ei heilt spesiell oppleving

– Det har vore ei fryd å få vera ein del av denne førestillinga, seier Melissa Baug.

Melissa Baug har fått svært gode tilbakemeldingar på rolla si som kammerpiken Annina i Giuseppe Verdi sin kjende opera. Dette var Radøy-songaren sin debut på heimebane.

Operasongaren frå Manger har vore med i Bergen Nasjonale Opera si oppsetting av «La Traviata».

– Det gjer noko ekstra med heile opplevinga å få stå på scena i Grieghallen, omgitt av eit publikum som betyr mykje for meg personleg, seier Melissa.

Sjølvsagt var det ekstra stas når mamma og pappa, venner og kjende var på plass i salen.

Mamma Jannicke W. Baug var både på premieren og på ei av dei fire andre førestillingane.

– Det var ei heilt fantastisk førestilling. Og sjølvsagt ekstra spesielt å sjå si eiga dotter på scena, seier ho.

– Ei stor glede

Melissa Baug seier det har vore ei heilt spesiell oppleving å synga rolla som Annina i Grieghallen, ikkje minst fordi det skjer i heimbyen.

– Det har også vore ei stor glede å få jobba saman med så fantastiske songarar, fleire av dei verdsstjerner, og samtidig oppleva eit så flott samarbeid med gode kollegaer på alle plan.

– Når ein er del av ein produksjon med så høg kvalitet, kjenner eg verkeleg på både inspirasjon og takksemd, seier Melissa.

Fantastiske veker

I samband med oppsettinga av La Traviata har Melissa vore seks veker i Bergen.

– Fantastiske dagar, fastslår ho.

– Musikken i La Traviata er jo rett og slett nydeleg, og det har vore ein fryd å få vera del av denne oppsettinga. Å synga denne musikken i Grieghallen, med eit så flott publikum og med fire utselde førestillingar, har gjort det heile endå meir spesielt. Det har vore både rørande, inspirerande og veldig gøy å få oppleva dette på heimebane.

Verdas mest spelte

La Traviata er verdas mest spelte opera, med sin gripande historie og uforgløymelege musikk.

Operaen følgjer Violetta, som i Paris opplever ekte kjærleik med Alfredo, men som blir tvungen til å ofra lykka for samfunnet sine normer.

Verdi sin musikk spenner frå festlege valsetonar til djupt kjensleladd ariar som «Sempre libera» og «Addio del passato». La Traviata er ei sterk forteljing om lidenskap, oppofring og skjebne.

Sopranen Kristina Mkhitaryn har rolla som Violetta, ei rolle ho har tolka på store operascener verda rundt til strålande kritikkar. Sist ho besøkte Bergen var i 2016, den gong som Giulietta i operaen I Capuleti e i Montecchi av Bellini.

🏷️ Extracted Entities (18)

La Traviata (person) Melissa Baug (person) Bergen Nasjonale Opera (person) Grieghallen (entity) Annina (entity) Mamma Jannicke W. Baug (person) Violetta (entity) Alfredo (entity) Bellini (entity) Capuleti (entity) Giulietta (entity) Giuseppe Verdi (person) Manger (entity) Montecchi (entity) Paris (place) Radøy (place) Sempre libera (entity) Sopranen Kristina Mkhitaryn (person)