Herold

Kor mykje veg ein makrell – eigentleg?

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan Per Styve Published: 2026-03-20 18:20:12
Kor mykje veg ein makrell – eigentleg?

SKRÅBLIKK: Det er to ulike måtar å fortelje om fisken ein har fått: Kor lang den er, eller kor mykje den veg. Det blir helst vekta vi snakkar om – om ikkje det er ein dugaleg stor fisk vi har dratt i land.

Kva type fisk det er tel også. Ein ørret på eit halvt kilo tel visst mykje meir enn ein lyr på eit kilo. Er det torsk bør den vere over 2 kilo før ein kan skryte litt. Og få får bilete i avisa med ein laks på berre 3 kilo.

Makrellen blir oftast rekna i antal heller enn kilo. Dei er jo stort sett nokså jamstore, om det då ikkje er ein pir som heng på kroken. Då skryt ein lite, sjølv om sprøsteikt pir er vel så god som den feite makrellen.

No les eg at det blir krangla om korleis ein makrell skal vegast – eigentleg. Ikkje den ferske makrellen, men den som blir til makrell i tomat i ein boks. (Hugs forresten å fortelje barnebarna dykkar at den kjem ikkje opp av sjøen som makrell i tomat – den kjem opp heilt uvitande om den tomatskjebnen som ventar den).

Skal kiloprisen på makrellen i tomat reknast ut frå kor mykje fisken veg før den får tomat over seg? Eller skal tomatpureen reknast med? Er produktet makrell-i-tomat, eller berre makrell med tomat?

Medan verda slit med å finne ut av vegen vidare utan krig og konflikt, strevar vi med slike reknestykke – samstundes som vi legg stadig fleire nullar til kor mykje Norge tener på konfliktane rundt oss.

Men – sidan matvareprisane ser ut til å stige i takt med auka olje- og gassinntekter, så er det visst dette som engasjerer oss: Korleis vege ein makrell i tomat – når den ligg i tomat?

Tomatbøndene på Jæren melder seg sikkert snart inn i debatten, med krav om at tomatane i boksen må vegast for seg, og ikkje berre sjåast som tilfeldig fyllmasse. Men eg tippar at desse tomatane har reist lenger – dei er sikkert importerte. Då kjem det nok også eit krav om at boksen må merkast med kor tomatane kjem frå.

Imens slit dei som jobbar i barnehagane med å vaske ungane etter at dei har fått makrell i tomat til lunsj. Alle veit at etterpålukta ikkje er særleg god. Eg har ein teori om at årsaka til at så mange sluttar i barnehagejobben, er nettopp makrell i tomat.

Eg gruar meg til den dagen det blir krise, slik at eg må opne beredskapslageret mitt. Der er det nemleg mange boksar med makrell i tomat. Det kjem til å smake godt dei første dagane – men så blir det verkeleg krise.

janperstyve@gmail.com

🏷️ Extracted Entities (2)

Jæren (entity) Norge (entity)