Herold

Ope brev til styret i Coop Nordvest – gje Byggevaren i Leikanger ein sjanse

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Bjarne Sjøtun og Tobias Dahle, innbyggarar i Leikanger Published: 2026-03-20 09:29:59
Ope brev til styret i Coop Nordvest – gje Byggevaren i Leikanger ein sjanse

På styremøte 8. april skal styret i Coop Nordvest ta stilling til om Coop Bygg Mix (Byggevaren) i Leikanger skal leggast ned eller ikkje. Innstillinga frå administrasjonen er nedlegging. Butikken betyr mykje lokalt. Vi vil i dette innlegget grunngje kvifor Coop Nordvest bør halde fram med drifta av Byggevaren.

Omfanget av offentlege arbeidsplassar aukar i Leikanger. Dette er gledeleg. Dessverre har det vore få byggeklare tomter i bygda dei siste åra. Dette har medført lite nybygging. Bustadbygginga i Leikanger er nede i ein bølgedal no, men vil etter vår vurdering kunne ta seg opp om nokre få år, fleire bustadfelt er under utvikling. Byggevaren er sentral her.

Vår oppmoding til styret i Coop Nordvest er difor, gje Leikanger-bygda ein sjanse!

Utsett avgjerda om mogleg nedlegging 1- 2 år, slik at systrendingane får høve til å vise at dei verdset lokalbutikken sin (Byggevaren).

Dersom Coop Nordvest vedtek å halde fram drifta av butikken, vil vi oppmode alle bygdefolk til å:

  1. Handle all byggematerial, måling og verktøy på Byggevaren.

  2. Setje krav ved innleige av byggfirma i samband med større oppussingsprosjekt til at all materialleveranse skal skje via Byggevaren.

Vi håpar dette til føre til at omsetninga ved Byggevaren aukar vesentleg og at det dermed blir lønsam drift. Om to år kan kanskje butikken flytte inn i lokala der Prix held til i dag, lokale eigd av Coop sjølv.

Vi håper styret i Coop Nordvest tek omsyn til oppmodinga vår.

Kan bli lagd ned: – Krise for Leikanger

🏷️ Extracted Entities (4)

Coop Bygg Mix Byggevaren (person) Coop Nordvest (person) Leikanger (entity) Prix (entity)