Herold

Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør i Norec

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Keth Øren Published: 2026-03-20 11:26:47
Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør i Norec

Kongen i statsråd har fredag utnemnt Marit Lofnes Mellingen (54) som direktør for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

– Norec har sentrale oppgåver i norsk utviklingspolitikk. Gjennom støtte til utveksling og rekruttering til internasjonale organisasjonar bidreg Norec til å byggja tillit mellom individ, organisasjonar og over landegrenser i ei tid der den globale tilliten er under press. Eg er glad for at Marit Lofnes Mellingen har sagt ja til leia og vidareutvikla Norec framover, i ei tid med store endringar for norsk utviklingspolitikk, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust i ei pressemelding.

Mellingen kjem frå stillinga som direktør for Distriktssenteret, Kompetansesenter for distriktsutvikling, der ho har vore i seks år. I tillegg har ho erfaring frå blant anna Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), Norge.no og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Eg er veldig glad for å ha fått denne tilliten. Norec har eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag. Eg ser fram til å bli ein del av laget, og få jobba saman med alle dei dyktige medarbeidarane i organisasjonen, seier Marit Lofnes Mellingen.

Norec ligg i Førde og er ein del av den samla innsatsen for å realisere dei overordna måla i norsk utviklings- og utanrikspolitikk. Norec er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid gjennom utveksling av personell og kompetanse, og bidreg til arbeidet med å styrkje norsk representasjon i internasjonale organisasjonar, mellom anna gjennom rekruttering og oppfølging av norske kandidatar.

Stillinga som direktør for Norec er eit åremål på seks år, med moglegheit for forlenging i ein periode. Mellingen vil ta til i stillinga i august 2026.

🏷️ Extracted Entities (13)

Norec (entity) Marit Lofnes Mellingen (person) Direktoratet (entity) Distriktssenteret (entity) Fjordane (entity) Fylkesmannen (entity) Førde (entity) IKT Difi (organization) Kompetansesenter (entity) Norge.no (entity) Norsk (entity) Sogn (entity) Åsmund Aukrust (person)