Når straumen går ut av Sogn, bør ikkje rekninga bli att
Plus
Brukarfinansiert nettutjamning kan gje rettferdig nettleige i heile Noreg
No er det ei sak som er særs interessant for denne regionen. Det har nyleg blitt fremja eit forslag om brukarfinansiert nettutjamning på Stortinget.
Kort sagt handlar det om å gjere nettleiga meir rettferdig, slik at folk ikkje betalar særs ulik nettleiga, berre fordi dei bur ulike stader. Dette er interessant fordi det er slik i dag at me sogningar betalar meir enn kva me burde i nettleiga for at resten av landet skal få straum herifrå.
Store skilnadar i nettleiga, ein skilnad som vil auke dei neste åra
Ei vidare elektrifisering av Noreg er naudsynt. Det betyr at det må byggjast meir kraftnett og det kostar pengar. I tillegg til eit aldrande nett betyr det at nettleiga for nettkundane i landet kjem til å auke i takt med investeringane til nettselskapa. Dette gir dei størst utfordringar for nettkundane i område der nettleiga allereie er høg.
Skilnaden i nettleiga er allereie stor i dag. Det kan skilje opptil 400 prosent mellom det billegaste og det dyraste området. Då kan ikkje samfunnet ta for gitt at dei som allereie har den høgaste nettleiga i dag, berre skal godta ein vidare auke, vel vitande om at nettleiga andre stader i Noreg er monaleg lågare. For vår del er hovudgrunnen til høg nettleiga vår innsats ved å knytte til ny kraftproduksjon, som resten av Noreg skrik etter.
Difor treng me ein «Noregspris» på nettleiga.
Denne rekninga bør delast på fellesskapet, slik me gjer med anna kritisk infrastruktur som me alle ønskjer oss. På same måte som me ikkje forventar at dei som bur der vegen er dyrast å byggje, skal ta heile rekninga åleine, bør heller ikkje nettleiga bli ein lokal straff.
Ein «Noregspris på nettleiga» vil sikre at samfunnet spleisar på rekninga når nettleiga kjem over eit visst nivå. Det vil skape ro og økonomisk føreseielegheit for nettkundane i område som allereie har høg nettleige i dag.
Me treng ei enkel, varig og reell nettutjamning
Det er fullt mogleg å etablere ei varig og reell nettutjamning gjennom ei brukarfinansiert ordning.
Dette kan enkelt gjerast ved at alle nettkundar bidreg med til dømes eitt øre per kilowattime. Det svarar til om lag 15 kroner i månaden for ein gjennomsnittleg familie, eller 180 kroner i året.
Det vil gje heile 830 millionar kroner til ei ordning som kan redusere nettleiga for dei som har den høgaste nettleiga i dag. Dei vil fortsett ikkje få like låg nettleige som dei som bur i tettbygde strøk, men dei vil nærme seg gjennomsnittet betydeleg.
For ein familie som bur i Aurland, Lærdal, Sogndal eller Vik, med eit gjennomsnittleg forbruk på 15 600 kWh i året, vil dette seie rundt 2 605 kroner spart kvart år. For bedrifter i området kan det bety endå meir, avhengig av kor mykje straum dei brukar.
Sparinga løftar kanskje ikkje familieøkonomien åleine, men ho bidreg godt når dei allereie i dag betaler 5 897 kroner meir enn dei gjer i den billegaste kommunen i Noreg, og 3 494 kroner meir enn dei som bur til dømes i Oslo.
Lokal aksept er og blir viktigare framover
Ei vidare elektrifisering som kjem alle til gode, er lettare å akseptere dersom ikkje nokre kundar skal betale urimeleg mykje meir enn andre for den spleiselagsløysinga kraftnettet trass alt er. Me treng lokal aksept for både kraftnettet og ny produksjon framover, men då kan ikkje Sogn som region sit at med kostnaden for at resten av Noreg skal få straum.
Eit enkelt og smart grep
Dersom ein ønskjer meir elektrifisering av samfunnet finst det eitt grep som både vil verke raskt og som ikkje er avhengig av velviljen til ulike politikarar frå år til år. Senterpartiet har lenge hatt utjamning av nettleiga i partiprogrammet sitt, og SV har no fremja eit forslag om brukarfinansiert nettutjamning gjennom eit representantforslag på Stortinget.
Den støttar Sygnir og håper lokale politikarane gjer det same.
Eg trur difor at ei brukarfinansiert nettutjamning som reduserer nettleiga der ho er høgast samanlikna med andre stader i Noreg er ein god og fornuftig veg å gå.