Herold

Inviterer til quiz: – Framleis mogleg å møta nye folk

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Erlend Handeland Tuastad Published: 2026-03-20 01:00:00
Inviterer til quiz: – Framleis mogleg å møta nye folk

Kvinnherad Næringsservice Ung inviterer til quiz og informasjon for unge.

  1. april blir det arrangert quiz på Spritz bar på Halsnøy. KNS Ung står for arrangementet, som er eit samarbeid med Haugesund Sparebank.

Banken spanderer både pizza, to drikkebongar og busstransport til og frå arrangementet. Bussen køyrer retur frå Sæbøvik til Rosendal, innom Valen og Husnes.

– Kven som helst over 18 kan vera med. Men du må melda deg på, seier Hege Digranes Lilleaas.

Målet med arrangementet er å legga til rette for unge innbyggarar, både sosialt og profesjonelt.

Møta nye folk

Før quizen vil tilsette i banken dela nokre tips om bustadlån, bustadkjøp og sparing.

Digranes Lilleaas understrekar at arrangementet er særleg tilpassa dei som ikkje har eit stort sosialt nettverk i Kvinnherad.

– Det er ikkje alle som allereie har eit quizlag, men ein kan melda seg på uansett om ein er seks, to eller åleine. Så set vi saman laga slik at folk kan bli litt kjende. Vi gjorde det sist gong, og det var veldig kjekt.

Ho tenker særleg på dei store selskapa som Hydro og Palfinger som har mange unge tilflyttarar, og oppmodar dei om å tipsa sine tilsette.

– Det er mange i Kvinnherad som har vakse opp her og har sine gjengar, men det er framleis mogleg å møta nye, avsluttar ho.

🏷️ Extracted Entities (11)

Kvinnherad Næringsservice Ung (person) Hege Digranes Lilleaas (person) Halsnøy (place) Haugesund Sparebank (person) Husnes (place) Hydro (entity) Palfinger (entity) Rosendal (place) Spritz (entity) Sæbøvik (place) Valen (entity)