Herold

Nær 300 i salen då den lokale fasteaksjonen arrangerte konsert

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Kristian Bringedal/uskedalen.no Published: 2026-03-20 10:30:00
Nær 300 i salen då den lokale fasteaksjonen arrangerte konsert

Med god hjelp av konfirmantane og artistane fekk publikum vera med på ein konsert med sterke og gode innslag.

Den årlege fasteaksjonen vart lokalt fornya i år med velgjerdskonsert i Kulturhuset Husnes 19. mars. Den kom i tillegg til den tradisjonelle innsamlinga konfirmantane gjennomfører 22.–24. mars.

Anja Njøten Leite frå Uskedalen, saman med slektningen Jacoba Njøten Størksen frå Halsnøy, song i duett «You say» og «Fix you» med komp mellom anna av André Eide og Rebekka Attramadal. Det var ei sterk og solid framføring. Anja var også med då ein trio til avslutning song «We shall overcome».

Eit innslag som også gjorde inntrykk var då konfirmantane las kvar si bøn og tende lys, medan André Eide på flygel og Egil Vaage på fiolin spelte svakt i bakgrunnen.

11 innslag

Den vel to timar lange konserten med 11 innslag (nokre med fleire nummer) hadde god regi. Lyd og lys med Torbjørn Storegjerde ved miksepulten var som vanleg god. Tekstane var for det meste på engelsk, men gledeleg unnatak var opningsnummeret med Rebekka Attramadal og trioen med Rune Eikemo, Camilla Øvstebø og Charlotte Grydeland, som song på god nynorsk.

Ein annan songar vi la merke til, var den unge Håkon Ulvenes Yndestad frå Ølve. Han har bakgrunnen sin frå tre år på Kongshaug. Nett no bur han heime og tek privat undervisning i song.

Eit god innslag var det då Jan Ove Fagerheim og Kristine Hestad med få ord fortalde om turen dei var på til Etiopia. Framføringa vart krydra med film og bilete.

Ordførar Vegard Bjørnevik sa fram helsing til dei nær på 300 i salen. Ove Tvedt hadde ein kort appell til slutt om å ta godt imot konfirmantane når dei kjem på døra med bøssene.

Avdelingsleiar og rektor om skulen: – Ganske akutte problem

🏷️ Extracted Entities (22)

André Eide (person) Rebekka Attramadal (person) Anja Njøten Leite (person) Camilla Øvstebø (person) Charlotte Grydeland (person) Egil Vaage (person) Etiopia (entity) Fix you (entity) Halsnøy (place) Håkon Ulvenes Yndestad (person) Jacoba Njøten Størksen (person) Jan Ove Fagerheim (person) Kongshaug (entity) Kristine Hestad (person) Kulturhuset Husnes (person) Ordførar Vegard Bjørnevik (person) Ove Tvedt (person) Rune Eikemo (person) Torbjørn Storegjerde (person) Uskedalen (entity) You say (entity) Ølve (entity)