Herold

Ho blir ny Norec-sjef

Plus
Kilde: Firda Author: Einar Lundsør Published: 2026-03-20 11:13:52
Ho blir ny Norec-sjef

Bremanger-kvinna Marit Lofnes Mellingen (54) tar over Førde-verksemda.

Det melder utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap) i ei pressemelding fredag.

Kongen i statsrüd har fredag utnemnt Marit Lofnes Mellingen som direktør for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

Fullfører Sogn og Fjordane-hat trick

Ho er frĂĽ Bremanger, men bur pĂĽ Leikanger.

Mellingen kjem frü stillinga som direktør for Distriktssenteret, Kompetansesenter for distriktsutvikling. Der har ho vore i seks ür.

No er ho tilsett i ei seks ĂĽr lang ĂĽremĂĽlsstilling i Norec.

– Det er ei utruleg spanande leiarstilling. Og ein organisasjon med eit utanom vanleg viktig samfunnsoppdrag. Norec er ei framoverlent organisasjon med utviklingsorienterte medarbeidarar. Noko meir kan ein ikkje ønske seg, seier Mellingen til Firda.

Nordfjordingen har fleire tiür bak seg i Sogn. No fullfører ho Sogn og Fjordane-hat tricket. Det blir flytting.

– Det er naturleg for meg å bli sunnfjording når eg søker jobb i Førde, seier ho.

Mellingen vil starte i jobben i august.

Ho tar over for Førde-busette Jan Olav Baarøy, som har blitt høgskuledirektør i Volda.

Baarøy: – Eg har visst heile vegen at denne dagen kom

– Ei tid med store endringar

– Norec har sentrale oppgåver i norsk utviklingspolitikk. Gjennom støtte til utveksling og rekruttering til internasjonale organisasjonar bidreg Norec til å byggje tillit mellom individ, organisasjonar og over landegrenser, i ei tid der den globale tilliten er under press, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

– Eg er glad for at Marit Lofnes Mellingen har sagt ja til å leie og vidareutvikle Norec framover, i ei tid med store endringar for norsk utviklingspolitikk, held Aukrust fram i meldinga.

Førde-baserte Norec skal bidra til ü realisere müla i norsk utviklings- og utanrikspolitikk.

Margunn jobbar midt i ei av verdas mest dramatiske kriser

Meiner Frp sitt Norec-utspel er skivebom

Frp ønskjer å legge ned Norec: – Vi vil vekk frå luftige og vage bistandsprosjekt

Førde-kontoret er under press. Ministeren fnyser av kritikken

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør i Norec
Firdaposten ¡ 2026-03-20 11:43:15 +
Norec Marit Lofnes Mellingen Bremanger Direktoratet Distriktssenteret Fjordane Fylkesmannen Førde IKT Difi Kompetansesenter Norge.no Norsk Sogn Åsmund Aukrust

🏷️ Extracted Entities (15)

Norec (entity) Marit Lofnes Mellingen (person) Fullfører Sogn (person) Fjordane (entity) Førde (entity) Åsmund Aukrust Ap (person) Aukrust (entity) Bremanger (entity) Distriktssenteret (entity) Førde-busette Jan Olav Baarøy (organization) Kompetansesenter (entity) Leikanger (entity) Meiner Frp (person) Norsk (entity) Volda (entity)