Herold

Når «god tone» blir maktutøving

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Frode Steinset, pensjonist, Kalvåg Published: 2026-03-20 12:14:56
Når «god tone» blir maktutøving

I Firdaposten 14. mars les eg at Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde er uroa for debattklimaet. Sjølv er eg uroa for maktovergrep og at ordføraren løftar peikefingeren mot folk ho ikkje er samd med.

Bio Frode Steinset

Jürgen Habermas, ein av dei viktigaste filosofane i vår tid, gjekk nyleg bort. Han vigde livet sitt til tanken om den «herredømmefrie dialogen» – ein samtale der berre det beste argumentet skal gjelde. Når ordføraren i Bremanger no etterlyser «god tone» i debatten om Holmaneset, kan det ved første augnekast sjå ut som eit habermasiansk forsvar for sivilisert tale. Men i røynda ser vi det Michel Foucault skildra så treffsikkert: Språkbruk som reiskap for disiplinering og makt.

I organisasjonsteorienskilde Argyris og Schön mellom det vi seier vi gjer (uttrykt teori) og det vi faktisk gjer (bruks-teori). Ordføraren sin uttrykte teori (Modell 2) handlar om openheit, læring og at ein «lyttar sjølv om ein er usamd». Hennar faktiske bruks-teori (Modell 1) i Holmanes-saka vitnar derimot om ein einsidig kontroll og maktutøving.

Gjennom heile prosessen fram til vedtak har ordføraren halde fast på at ho var i tenkeboksen, medan det for mange har sett ut til at ho samstundes la til rette for ja-fleirtal i nært samarbeid med kommunedirektøren og Fortescue sine konsulentar. Dette er ikkje ein open diskurs for felles læring, men ein regissert prosess der konklusjonen var lagd på førehand.

Sanninga toler eit friskt debattklima, men ho toler ikkje forteiing.

I den aktuelle artikkeleni Firdaposten står det: "Ei av sakene som har skapt størst engasjement den siste tida er planane om ein ammoniakkfabrikk på Holmaneset.Eit australsk selskap ønskjer å etablere fabrikken i eit område som i kommuneplanen er sett av til industriformål."

Ordføraren hoppar herover det faktum at mesteparten av det aktuelle arealet var verdifullt LNF-område, ikkje ferdigregulert industri. Verre er det at motstandarane sine saklege innvendingar vert møtt med latterleggjering og kalla «skrekkpropaganda». Når vi peikar på risikoen for katastrofale utslepp av ammoniakk i samband med faren for sabotasje i ei urolig tid, vert vi møtt med tystnad.

Habermas lærte ossat eit fungerande demokrati krev at vi er sannferdige. Foucault lærte oss at makt ofte kamuflerer seg som sanning. Når ordføraren nektar å svare på prinsipielle spørsmål i lokalavisa, og i staden korrigerer «tonen» til dei som kjenner på avmakt, nyttar ho makta si til å snevre inn det demokratiske rommet.

Vi som kjempar mot omreguleringa av Holmaneset gjer det ikkje for å vere «ufine». Vi gjer det fordi vi tek fakta og tryggleiken til innbyggjarane på alvor – noko ordføraren ikkje ser ut til å ville diskutere.

Ordførar uroa for debattklimaet: – Å vere usamd betyr ikkje at ein ikkje lyttar

🏷️ Extracted Entities (10)

Holmaneset (entity) Modell (entity) Argyris (entity) Bio Frode Steinset (person) Bremanger (entity) Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (organization) Fortescue (entity) Holmanes (place) LNF (entity) Michel Foucault (person)