Gladmelding til papiravis-lesarane: Flytter to utgåver til tysdagar
Plus
Etter dei positive tilbakemeldingane på vrien Firdaposten gjorde til jul, vil papiravisa kome ut på tysdagar i staden for torsdagar, to gonger i løpet av våren.
Seinvinteren og våren har ein del raude dagar – ikkje minst raude torsdagar. Det betyr at det ikkje er råd å få papiravis ut til abonnentane av Firdaposten.
Og med ei utgåve i veka, kan eit opphald på to veker mellom papiravis-utgjeving bli vel lenge for dei som svergar til papiravisa som nyheitskjelde.
– Vi har bestemt oss for å gjere ein vri på skjærtorsdag og Kristi himmelfartsdag i år. Desse vekene flyttar vi papirutgåva vår til tysdagar, som litt ekstraservice for dei som er glade i papiret. Det blir litt ekstraarbeid for både redaksjonen, marknadsavdelingar, trykkeriet på Voss og for Posten som distributør, men det skal vi stå i, seier redaktør Svend Arne Vee.
Det betyr at du vil få papiravis i postkassa di tysdag 31. mars og tysdag 12. mai, som erstatning for datoane 2. april (skjærtorsdag) og 14 mai (Kristi himmelfartsdag).