VG: Grimseth manglar timelister – får etterbetalt for sju år
Plus
VM-sjefen i vektløfting får nesten éin million kroner for arbeid han skal ha utført for opp mot sju år sidan.
Det skriv VG fredag.
Avisa har fått innsyn i styreprotokollar frå VM i vektløfting, som gjekk av stabelen frå 2. til 11. oktober i fjor.
Då alt var over låg det igjen ti millionar kroner i kassen, og pengane gjekk tilbake til idretten.
– Ei sentral rolle
På eit styremøte i VM-selskapet før jul, bestemte styret at dagleg leiar Stian Grimseth skulle få ei månadsløn på 156.999 kroner heilt fram til juni 2026.
I tillegg bestemte styret at Grimseth fortente 941.994 kroner for arbeid han skal ha utført frå 2019 til 2022, før Førde fekk VM.
Til dette styremøtet står det følgjande om 2019 og 2020: «I denne perioden er det ikkje dokumentert timetal for utført arbeid, då ein på dette tidspunktet ikkje hadde økonomiske ressursar til å betale honorar».
På spørsmål om kvifor Grimseth får opp mot éin million kroner for arbeid han har utført før Førde fekk VM, svarar styreleiar Nils R. Sandal og Grimseth sjølv:
– Arbeidet med å få VM til Norge, og å skaffe grunnfinansiering, starta fleire år før selskapet blei etablert. Stian Grimseth hadde ei sentral og avgjerande rolle i dette arbeidet både internasjonalt og nasjonalt. Styret vurderte difor at delar av dette arbeidet skulle kompenserast.
Skal avvikle selskapet
Totalt får Grimseth 1,73 millionar kroner for arbeidet før Førde fekk VM, og i dei over sju månadane etter at arrangementet var over.
Avisa har også spurt kva Grimseth gjer fram til sommaren 2026. Til det svarar Sandal og Grimseth at dagleg leiar har ansvar for å sluttrapportere, følgje opp og fordele utstyr etter VM, og for å avvikle selskapet.
Team HOLME satsar mot OL i 2028