Herold

Frå nystifta til landets største på eit halvt år

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-03-20 23:23:00
Frå nystifta til landets største på eit halvt år

I august i fjor blei det klart at Deloitte ville selje 13 av sine avdelingar i Norge til Cedra Norge. Florø-avdelinga var blant dei. Det har gått heilt fint.

– Vi kom heim frå ferie i fjor og fekk vite at vi var selde. Det var eit lite sjokk, seier Renate Rønvåg med eit smil.

Men det var ingen grunn til uro. Overgangen frå å vere ein del av eit av verdas største selskap innan revisjon, rådgjeving og advokattenester til Cedra Norge har gått ganske så smertefritt.

Cedra Norge overtok 13 regionkontor og 290 tilsette frå Deloitte Norge. Målet deira er å vere leiande i både det norske og den nordiske marknaden for små og mellomstore bedrifter. Bak satsinga står det nordiske private equity-selskapet Adelis Equity. I fjor etablerte dei seg også i Sverige, gjennom Cedra Sverige, der dei allereie har om lag ein milliard svenske kroner i omsetnad og meir enn 500 tilsette.

– Salet blei gjennomført 1. desember i fjor. Då blei vi til Cedra Norge. 12. desember fekk vi følge av nokre som gjekk ut av KPMG. Då gjekk vi frå 300 til 550 tilsette. 1. juli kjem det inn fleire, frå Ernst og Young og RSM Norge. Då vil vi vere 1200 tilsette, og kanskje Norges største på revisjon. Frå nystifta til Norges største på eit halvt års tid, det er ikkje så gale, forklarar Hallgeir Bruvik.

Mykje er som før

Vi møter Bruvik og Rønvåg i Cedra Norge sitt Florø-kontor i Byx-bygget. Dei er begge partnarar i selskapet, og godt kvalifisert til å fortelje om overgangen frå Deloitte.

– For kundane våre verkar det ikkje som om det er så viktig om det står Deloitte eller Cedra på døra. Dei er opptatt av folka, og vi er jo her framleis. Vi har vore heldige og fått behalde dei fleste kundane. Det er dei same tilsette, dei same kundane og dei same oppgåvene. Kvardagen er ikkje så veldig annleis enn tidlegare, forsikrar Rønvåg.

Bruvik fortel at Deloitte sitt val om å selje unna mange av distriktsavdelingane kom som eit resultat av ei strategiendring. Dei ønskte å konsentrere si satsing mot dei aller største selskapa, som børsnoterte verksemder, bankar og forsikringsselskap. Dei finn du ikkje mange av i vår region.

I Cedra Norge har Bruvik, Rønvåg og dei andre tilsette på Florø-kontoret fått ein eigar som har forplikta seg til å investere i å bygge nye revisjonssystem som er tilpassa dei bedriftene dei møter i det daglege.

Får påverke meir enn før

– Deloitte sine system er laga for store internasjonale konsern, ikkje for det norske næringslivet. Der måtte vi jobbe rundt systemet, ikkje med det. No får vi vere med på å utvikle system som er betre tilpassa vår verkelegheit. Det er ein fordel for oss begge, og det gir meining for oss, seier Bruvik.

Han fortel at dei får vere tett på utviklinga av dei nye revisjonssystema, og at innspela frå Florø blir lytta til.

– Vi er med på utviklinga og får påverke meir enn før. Det er veldig gøy, seier Bruvik.

– Så har vi blitt meir nasjonale enn tidlegare. Då var vi ikkje lenger nord enn i Trondheim, men no har vi kontor frå Finnsnes og Alta i nord, til heilt sør i landet. Næringslivet langs kysten er både mangfaldig og spennande å arbeide med, og erfaringsutveksling med andre kontor som også jobbar mykje mot kystbasert næring gir stor meirverdi, forklarar Rønvåg.

Bruvik fortel at det er mykje kunnskap i Cedra Norge, og den deler dei på. Han peikar mellom anna på at Renate Rønvåg har opparbeida seg stor ekspertise på fiskebåtar. Den er det ikkje alle Cedra sine avdelingar som har. På same måte kan det vere område der dei i Florø treng å rådføre seg med nokon. Då er detaljkunnskapen aldri langt unna.

Veldig fin jobb

Invitasjonen til å besøke Cedra i Florø kom då vi trefte på Renate Rønvåg på karrieremessa til Flora vidaregåande tidlegare i år. Bruvik fortel at dei har eit behov for å rekruttere, og difor er til stades på dei fleste lokale arenaer der det kan vere eit håp om å treffe på ungdom som kan tenkast å la seg påverke i sine karriereval.

– Vi prøver å rekruttere, og dei må gjerne vere nyutdanna. Difor er vi med på det vi kan av rekrutteringsmesser, men det er utfordrande. Mange vil jobbe andre stader først, og kanskje flytte heim seinare, seier Bruvik.

– Mange trur nok og at ein må ha ein master for å jobbe med revisjon. Dei tenker at dei ikkje kan kontrollere rekneskap utan at dei har den mastergraden, men det er ikkje slik det er. Du kan godt få jobb her med ein bachelor, for du vil ha folk her som har den mastergraden og kan rettleie deg, forklarar Rønvåg.

– Eg hadde sjølv ein bachelor då eg starta i Deloitte. Dei betalte meg for å ta mastergraden seinare, så det er ein måte å gjere det på. Det er mange vegar til målet, smiler Bruvik.

– Det er ein svært givande jobb. Vi får arbeide med eit breitt spekter av bransjar, noko som gjer kvardagen både variert og interessant. Ingen dag er heilt lik, og nettopp det set eg stor pris på. Då eg studerte, var eg litt uroleg for å hamne i ei rolle der arbeidsoppgåvene var einsformige. Heldigvis vart det ikkje slik, og eg er i bransjen framleis, 19 år seinare, avslutter han.

🏷️ Extracted Entities (16)

Cedra Norge (person) Deloitte Norge (person) Florø (entity) Hallgeir Bruvik (person) Renate Rønvåg (person) Cedra Sverige (person) Adelis Equity (person) Alta (entity) Byx (entity) Ernst (entity) Finnsnes (place) Flora (entity) KPMG (entity) RSM Norge (organization) Trondheim (place) Young (entity)