Herold

– Det er heilt fantastisk å sjå ungdomen engasjere seg

Plus
Kilde: Drangedalsposten Author: Else Børte Published: 2026-03-20 08:02:26
– Det er heilt fantastisk å sjå ungdomen engasjere seg

SV og Ap skryt av ungdomsrådet og deira engasjement i høve til arbeidet med kommunedelplanens samfunnsdel.

– Det er heilt fantastisk å sjå ungdomen engasjere seg. Det lovar godt for framtidas Drangedal, seier Nadja Marie Andersson (SV) på vegne av eige parti og Ap.

Stort tungt dokument

Andersson fortel at kommunedelplanens samfunnsdel er eit stort tungt dokument.

– Ungdomsrådet har nøye sett seg inn i dokumentet, så all honnør til dei for det. Ikkje bare har dei sett seg inn i det, men dei har kome med relevante innspel som er blitt teke med, seier ho.

SV-politikaren forklarar at det har blitt endringar i planen grunna ungdomsrådets innspel. Administrasjonen foreslo og politikarane vedtok at behovet for god, punktleg og korresponderande kollektivtransport blir understreka i planen etter innspel frå ungdomrsrådet.

– Svært mykje skryt til dykk i ungdomsrådet for det.

🏷️ Extracted Entities (3)

Ap (entity) Drangedal (place) Nadja Marie Andersson SV (organization)