Herold

Kommunane må få større handlingsrom i plansaker

Plus
Kilde: Bygdebladet Author: Harald Halvorsen Løland, gruppeleiar Rogaland Senterparti Published: 2026-03-20 10:58:00
Kommunane må få større handlingsrom i plansaker

Ta makt frå statsforvaltaren og gje folkevalde organ i kommune og fylke fleire oppgåver og større fridom .

IKEA saka er eit tydeleg eksempel på at Statsforvaltar går inn i saker som både kommunar og fylkeskommunale folkevalde organ har funne rom for å godkjenne. Statsforvaltar har dagens lov på si side. Det er ifølge Statsforvaltar ikkje rom for skjønn.

I fleire aviser seier likevel Statsforvaltar at det vil vera relativt ukomplisert å finne ei løysing i tråd med det kommunen og fylket har vedtatt - det må berre gjerast på ein annan måte (ny reguleringsplan). Ei slik løysing tar tid, utfordrar tilliten til systemet og bind opp ressursar sjå både den som ønsker å få til noko og i byråkratiet. Slik kan me ikkje ha det.

Me har eit lovverk som kan stoppe prosjekt. Me treng også eit lovverk som er tilpassa å lande på ja i saker der det er heilt tydeleg at grunnlaget i gjeldande plan er i strid med opplagt løysing og sunn fornuft. Senterpartiet har påpeika dette i fleire saker i det siste. I teksten nedanfor framgår Rogaland Senterparti sin resolusjon frå fylkesårsmøtet:

Fylkeskommunen er ein berebjelke i det norske folkestyret. Som direkte folkevalt nivå har fylkeskommunen både legitimitet og kapasitet til å forvalte samfunnskritiske oppgåver som vidaregåande opplæring, samferdsel, kollektivtransport og regional planlegging.

Å svekkje eller avvikle fylkeskommunen vil føre til meir sentralisering, større geografiske skilnader og mindre demokratisk kontroll.

Samtidig er det eit aukande problem at Statsforvaltaren legg sterke føringar i plansaker, ofte basert på strenge føre-var-vurderingar og lite rom for lokalt skjønn. Dette skaper forseinkingar, byråkrati og hindrar utvikling i kommunar som kjenner sine eigne behov best.

Senterpartiet meiner at statleg styring må vere tydeleg, men ikkje detaljstyrande – og at kommunane må få større tillit.

For å sikre betre balanse mellom nasjonale omsyn og lokalt sjølvstyre bør fleire av Statsforvaltaren sine oppgåver vurderast overførte til fylkeskommunen. Det vil gi kortare beslutningsvegar, sterkare demokratisk forankring og ei meir heilskapleg regional styring.

Rogaland Senterparti meiner:

  • Fylkeskommunen skal bestå og styrkast som regionalt politisk nivå.
  • Kommunane må få større handlingsrom i plansaker, og statlege innsigelsar må vere betre grunngjevne og meir avgrensa.
  • Nokre av Statsforvaltaren sine oppgåver bør flyttast til fylkeskommunen for å redusere unødig byråkrati og styrkje demokratisk kontroll.
  • Ei slik reform må vere kunnskapsbasert og byggje på prinsippet om å styrkje både lokalt og regionalt folkestyre.

Rogaland Senterparti føreslår at regjeringa set i gang ei heilskapleg utgreiing av kva oppgåver som med fordel kan overførast frå Statsforvaltaren til fylkeskommunane, og om fleire statlege oppgåver kan flyttast til folkevalde nivå.

🏷️ Extracted Entities (3)

Statsforvaltaren (entity) Rogaland Senterparti (person) Statsforvaltar (entity)