Herold

Hjelset er det nye navet!

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Bjørn Jacobsen Published: 2026-03-18 16:10:52
Hjelset er det nye navet!

Wenaas i Måndalen kjøper seg opp på Skjevikåsen gjennom Digerneset Eiendom.  Sjukehuset Nordmøre-Romsdal er på Hjelset. Aksen, Åndalsnes, Sunndalsøra, Kristiansund, Molde og Sunnmøre møtast på Hjelset.

Hjelset er det nye navet!

Wenaas i Måndalen kjøper seg opp på Skjevikåsen gjennom Digerneset Eiendom. Sjukehuset Nordmøre-Romsdal er på Hjelset. Aksen, Åndalsnes, Sunndalsøra, Kristiansund, Molde og Sunnmøre møtast på Hjelset.

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Lik det eller ikkje, men her kjem knutepunktet for vår region til å ligge.. Skal vi då bruke 50 milliardar på å late som at dette ikkje skjer og føre ein Europaveg gjennom Molde over til Otrøya, under fjorden og inn i fjellet inst i Tomrefjorden så det blir to vegar over Ørskogfjellet?

Samtidig tør det opp til at Sør og Nord Akerø kan samlast over Kjerringsundet. Politikarane i Aukra kasta innstillinga frå kommunedirektøren, som er tidlegare gruppeleiar for Molde Høgre, som stod for at Midsund kom inn i Molde og ikkje heim til Gossa. Kanskje kan fornuften rå og vi får ei samling ytst i Romsdal?

Når Midsund og Aukra blir eitt kan ein starte med fastlandssambandet i Fylkestinget i Møre og Romsdal. Dette då for ikkje å øydelegge for den realiteten som Hjelset er for det framtidige og naturlege knutepunktet for Romsdal og Nordmøre.

Vi har lenge nok satt oss utafor all realistisk samferdsleplanlegging i Møre og Romsdal med å skulle bygge ei av verdas lengste hengebruer samt ein dobbelspora tunell på 16 kilometer under Romsdalsfjorden. Kor lenge skal denne lammande krampa sitte igjen i delar av det politiske miljøet i fylket vårt?

Skal vi komme på nett igjen med å krysse fjordane og binde fylket i hop er Langfjordforbindelsen og ein eventuell Romsdalsakse det vi må presentere inn i ny Nasjonal transportplan. Uansett er og blir Hjelset der alt møtast framover så la ikkje realitetane hindre oss i å legge gamle avslåtte planar om Møreaksen på skraphaugen.

Eg fryktar ei slik utvikling med etablering av kjøpesenter i dette knutepunket som Hjelser og blir. SV er særs skeptisk til å ødelegge for handel og kultur i by og tettstadar og vi vil motsette oss ei slik utvikling med meir bilbasert handel.

Ein anna realitet er at dei som er på vegen heile tida, lastebilsjåførane og eigarane er tydeleg på kva dei vil ha:

«Noregs Lastebileierforbund er kritisk til at det blir bygd nye, store bruprosjekt. Lastebileigarane meiner det er mykje viktigare å halde ved like vegane mellom fjordane. Etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane er enormt. Byggjer vi fleire bruer, vil behovet for vedlikehald auke.»

For SV betyr dette at vi må prioritere det enorme etterslepet på vedlikehald av vegane, legge til rette for bruk av el-syklar, el-sparkesyklar, buss og taxi i byane og tettstadane for å hindre kø og kaos med unødig bilbruk.

I Molde har kommunen laga snarvegskart og er i gong med god brøyting av gang og sykkelvegane. Reine folkehelsetiltaka. Gjennomgåande sykkelvegar må komme så snart råd er.

Ingen vil flytte til Molde for å jobbe i Ålesund eller omvendt. Ideen om den store arbeidsmarknaden er ein illusjon for dei få og ikkje vits å kaste pengar etter. Ungdommane som kjem heim vil komme seg lett hit og dit i kommunen mest muleg utan bil. Når ungane kjem vil dei ha trygge skolevegar for ungane sine.

Dei store fjordkryssingprosjekta kjem nok dei og eingong langt inn i framtida, men då må vi planlegge realistisk for å kunne forvente å bli tatt alvorleg.

Bygg bytunell i Molde og flytt ferjeleiet så vi kan utvikle byen vår for dei som bur her og dei som driv med handel og kultur. Vi kan ikkje kvele storgata lenger med tungtrafikk og bilar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (62)

Hjelset (entity) Molde Høgre (person) Romsdal (place) Aukra 📁 (category) Hjelset 📁 (category) Langfjordforbindelsen 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Midsund 📁 (category) Molde 📁 (category) Måndalen 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Møreaksen 📁 (category) Nasjonal Transportplan 📁 (category) Otrøya 📁 (category) Romsdal 📁 (category) SV 📁 (category) Ørskogfjellet 📁 (category) Aukra 🏷️ (keyword) Hjelset 🏷️ (keyword) Langfjordforbindelsen 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Midsund 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) Måndalen 🏷️ (keyword) Møre og Romsdal 🏷️ (keyword) Møreaksen 🏷️ (keyword) Nasjonal Transportplan 🏷️ (keyword) Otrøya 🏷️ (keyword) Romsdal 🏷️ (keyword) SV 🏷️ (keyword) Ørskogfjellet 🏷️ (keyword) Aukra (entity) Digerneset Eiendom (person) Kristiansund (place) Midsund (place) Måndalen (entity) Møre (entity) Sjukehuset Nordmøre-Romsdal (organization) Skjevikåsen (entity) Sunndalsøra (entity) Sunnmøre (entity) Åndalsnes (place) Europaveg (entity) Fylkestinget (entity) Gossa (entity) Hjelser (entity) Kjerringsundet (entity) Langfjordforbindelsen (entity) Møreaksen (entity) Nasjonal (entity) Nord Akerø (person) Nordmøre (entity) Nordvest (entity) Otrøya (entity) Romsdalsakse (entity) Romsdalsfjorden (entity) Sør (entity) Tomrefjorden (entity) Ålesund (place) Ørskogfjellet (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Midsund, Hjelset, Aukra, Otrøya, Møreaksen, Molde, Ørskogfjellet, SV, Romsdal, Nasjonal Transportplan, Møre og Romsdal, Måndalen, Langfjordforbindelsen
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Midsund, Hjelset, Aukra, Otrøya, Møreaksen, Molde, Ørskogfjellet, SV, Romsdal, Nasjonal Transportplan, Møre og Romsdal, Måndalen, Langfjordforbindelsen