Herold

Fekk sparken i haust – no slår han tilbake på ny arena

Plus
Kilde: NH Author: Redaksjonen Published: 2026-03-19 17:58:46
Fekk sparken i haust – no slår han tilbake på ny arena

Fjoråret inneheldt både opp- og nedturar for David Flatøy. No går han inn i rolla som ekspert.

Før 2025-sesongen signerte David Flatøy for det nyopprykte fjerdedivisjonslaget Kvernbit.

Den tidlegare NBK-spelaren var frisk i uttalelsane og meinte laget frå Frekhaug var i ferd med å bli det nye flaggskipet i lokalfotballen.

Midtvegs i same sesong slo bomba ned. Flatøy melde overgang til rivalen NBK.

Han fortel om blanda reaksjonar frå dei tidlegare lagkameratane i kvitt.

– Nokre viste forståing, medan andre ikkje kunne skjøna korleis eg kunne gjere noko slikt mot Kvernbit.

Sjølv fortel han om usemje med trenar Henning Neverdal, samstundes som tilbodet om å bli spelande assistenttrenar i NBK freista stort.

Men tida hos NBK skulle heller ikkje bli langvarig.

– I haust fekk eg sparken i klubben. Hovudtrenar Espen Kjenes fortalde at han ville ha meg med vidare, men at dei ikkje fann ei god nok løysing.

Ny rolle

Å få sparken er noko dei fleste fotballtrenarar opplever i løpet av karrieren. Og då ventar ofte ei ny rolle.

Det gjer det også for Flatøy, som denne sesongen blir Avisa Nordhordland sin lokalfotballekspert. Der vil han komme med analysar, meiningar og tips.

– Eg har eit stort engasjement for fotballen i Nordhordland og vil komme med mine blikk og kommentarar. Eg ønsker å bidra til å løfte fram lokalfotballen, og gjerne utfordre klubbane.

No blir det første gong sidan 2011 at Flatøy ikkje sjølv deltar i spelet på bana. Han erkjenner at det er ein overgang.

– Det er veldig rart å ikkje vere ein del av ein klubb no under oppkøyringa, men eg gleder meg stort til å ta eit steg til sida og sjå fotballen frå eit nytt perspektiv.

Redaktør Vegard Flatøy er svært nøgd med å få med eksperten på laget. Han trur det vil heve dekninga fleire hakk.

– David er ein kar med klare og tydelege meiningar. I tillegg har han svært god peiling på lokalfotballen, og veit kva som rører seg.

Laurdag 28. mars er det Kick off for lokalfotballen på To katter på loftet, i Knarvik. Det blir første gong ein får høyre fotballeksperten sine tankar.

Fotballfesten er tilbake: – Dette må vi berre gjere igjen

🏷️ Extracted Entities (10)

NBK (entity) Vegard Flatøy (person) David Flatøy (person) Kvernbit (entity) Frekhaug (entity) Henning Neverdal (person) Hovudtrenar Espen Kjenes (person) Kick (entity) Knarvik (place) To (entity)