Feira elektrisk milepæl på Mongstad
Plus
Bedriftene står i kø for meir kraft rundt Fensfjorden. Det nye anlegget på Lindås sikrar meir straum her og no, men regionen må venta enno lenger på å få full effekt av prosjektet.
Torsdag opna BKK og Statnett ein ny og utvida Lindås transformatorstasjon med brask og bram.
Anlegget stod eigentleg klart for eit år sidan, men oppgraderinga av spenninga har skjedd gradvis. Sidan har dei venta på våren for å invitera til opningsfest.
Statnett har utvida anlegget dei hadde på tomta frå før, medan BKK har bygd ein ny regional transformatorstasjon på 132 kV.
Dei to kraftaktørane har alt ei felles historie på tomta. BKK bygde første del av Lindås Transformatorstasjon for kring ti år sidan, men så vart det bestemt at anlegg for 300 kV og meir skulle eigast av Statnett.
No har dei samarbeidd om bygginga, og skal jobba side om side på transformatorstasjonen. Jørgen Hundven i BKK har fått rolla som konferansier for dagen, og skildrar samarbeidet som eit giftarmål.
– Eg har vore toastmaster i ein del bryllaup. Alle har vorte skilde. Men me skal vel ikkje skilja oss, seier han, til latter frå teltet.
Ein grunnmur for framtida
Einar Våge i Greenspot Mongstad fortel at dette prosjektet ikkje berre sikrar meir kraft og betre forsyningssikkerheit no. Det er òg heilt naudsynt for å realisera den såkalla «tredje linja», Statnett si planlagde 420 kV kraftleidning frå Samnanger til Øygarden.
– Dette anlegget er grunnmuren for mange nye industriarbeidsplassar i framtida. Dei treng kraft, og det får dei herifrå. Det er heilt nydeleg.
Anlegget aukar kapasiteten i området rundt Fensfjorden med 40 megawatt i denne omgang. Dette er straum mange bedrifter har stått i kø for, og den auka kapasiteten er allereie lova vekk, fortel BKK-sjef Kristin Aadland til NH.
– Alt er brukt opp. Det fortel litt om behovet, seier ho.
Eigentleg aukar anlegget kapasiteten med totalt 80 megawatt, men dei 40 siste må venta til den tredje forsyningslinja er på plass.
Både ho, Våge og fleire trekker fram den planlagde 420 kV-linja i talane sine på opninga. Signalet er tydeleg: Dei feirar at dei har nådd ein milepæl, men dei er langt frå ferdige enno.
– Eg vil påstå at dette knutepunktet er eitt av dei viktigaste i Vestland. Det gjev auka forsyning, større kapasitet og meir fleksibilitet. I dag skal me først og fremst feira. Gratulerer med dagen, seier Aadland frå scena.
Tvungne til å vurdera Bergen-trasé: Statnett varslar svar i mai
Den djupaste av sitt slag: Sjøkabelen over Fensfjorden er klar
Statnett får løyve til milliardinvestering
Industrien vil ha meir
Sondre Olsen i NHO Vestland seier at behovet for meir kraft er ei av dei viktigaste sakene for organisasjonen.
– Det er ei stor utfordring å få bygd ut meir kraft og nett i Vestland, så det er kjekt å endeleg vera på ei opning der me feirar meir kapasitet og meir forsyningssikkerheit.
Samstundes som dei feirar, må dei vera utolmodige, meiner han.
– Det er stort behov for å bygga ut meir kraft enn dette. Regionale nettselskap og Statnett har ein etterspurnad på det dobbelte av det me har i dag, og det seier litt, for det har tatt oss 100 år å bygga ut det me har.
Sissel Nepstad i Equinor kallar det nye anlegget for «eit betydeleg løft».
– Eg er glad me stilte areal til disposisjon. Som de ser er det plass til meir her, og me har tru på at kundane vil koma. Då er det heilt avgjerande å ha tilgang på kraft.
Fleire av dei som går på scena hyllar jobben Elisabeth Solstad-Skoge har gjort som prosjektleiar for BKK.
– Det har vore kjempegøy, og eg har hatt mange fine folk å samarbeida med. Når ordførarane og andre fortel kor viktig dette er utover det BKK driv med, vert eg veldig stolt, seier ho til NH.
Opna Lindås transformatorstasjon
– Lyset er på
Sidan anlegget opnar dørene for ny industri både på Mongstad og i Gulen, er det naturleg at det er ein ordførarar-trio som står for den offisielle opninga, med ein felles tale før dei klipper snora.
– Det er kanskje ikkje det mest romantiske bygget å opna, men det er utan tvil eitt av dei mest avgjerande bygga. Utan kraft vert det lite av både utvikling og draumar, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad frå Alver.
Austrheim-ordførar Morten Sognnes minner om at 2026 er totalberedskapsåret, og at det utvida anlegget òg er viktig av beredskapsomsyn.
Alle tre er klare på at det må koma meir kraft til regionen, men at dette er eit viktig steg. May-Lynn Osland, ordførar i Gulen, får avslutta:
– Me kan seia det slik: Lyset er no på, nokon er heime og me som ordførarar kan halda fram med å jobba for bulyst og trivsel i regionen.