Herold

Auka drivstoffprisar råkar bøndene: – Det byrjar å bli kritisk

Kilde: NRK Author: Erling Leegaard Published: 2026-03-19 12:37:53
Auka drivstoffprisar råkar bøndene: – Det byrjar å bli kritisk

Høge prisar på drivstoff uroar bøndene før våronna. No kan det gå ut over produksjonen av mat.

Saka oppsummert:

  • Drivstoffprisane skyt i vêret. Det gjev bøndene store økonomiske problem rett før våronna.
  • Bøndene kan i liten grad skru opp prisane på eigne varer for å dekkje tapa.
  • Når utgiftene aukar, kan bøndene bli tvinga til å dyrke fôr framfor mat. Matproduksjon krev nemleg meir ressursar.
  • Også kunstgjødsla har vorte dyrare. Difor må bøndene gjere betre nytte av husdyrgjødsla si.
  • Skal vi sikre matproduksjonen i framtida, må politikarane truleg på banen med både tiltak og pengestøtte.
  • Finansministeren opnar for å hjelpe, men det er førebels uvisst kva regjeringa vil gjere.

Ei KI-teneste frå OpenAI har laga denne oppsummeringa. Journalistane i NRK har kvalitetssikra innhaldet før publisering.

– 1. mars kosta det 108 000 kroner å fylle denne tanken. I dag kostar han 146 000 kroner.

Det seier bonde Tore Weel frå Torsnes i Fredrikstad.

Han viser til tanken på 9000 liter der han lagrar drivstoff til garden. No fryktar han at dei høge globale prisane vil råke gardsdrifta.

Bonde Tore Weel frå Torsnes i Østfold driv med fleire typar produksjon på garden sin. Nå blir han påverka av høgare drivstoffprisar.

Weel forklarer at dei høge utgiftene gir han færre pengar i kassa.

– Vi lever med ei ordning der vi ikkje kan skru opp prisane som vi vil. Politikerane bestemmer dei i jordbruksforhandlingane. Går prisen på ressursane opp, påverkar det resultatet direkte, slår bonden fast.

Snart startar den første store oppgåva for året: våronna. Ho krev mykje drivstoff.

– Blir det for dyrt å ta våronna?

– Nei, det skal mykje til før vi lèt vere å så, seier Weel.

Kan endre kva dei produserer

Men bøndene kan kome til å endre på kva dei produserer, trur Weel.

– Nokre vil rekne på om det framleis løner seg å produsere mat, eller om dei skal prioritere fôr til dyr. Fôr har lågare risiko og kostar mindre, fortel han.

I tillegg til dyr diesel, gjer krigen i Iran at prisen på kunstgjødsel stig.

Bøndene vil så i år òg, sjølv om det vil bli noko dyrare enn vanleg.

Det får følgjer for maten på bordet.

– Vi må utnytte husdyrgjødsla endå betre. Førre veke vart handelsgjødsla mellom fem og sju prosent dyrare. Då må vi vurdere om vi skal produsere mat som krev mykje gjødsel, forklarer Weel.

Krev politisk mot

Bonden får støtte frå Mattis Høie Minge, gruppeleiar for Senterpartiet i Østfold.

– Det byrjar å bli svært kritisk fram mot våronna. Prisane på drivstoff eksploderer, seier han.

Minge meiner prisveksten råkar bøndene knallhardt.

– Dette går rett inn på botnlinja. Inntekta er nokså fast, medan utgiftene eksploderer, seier Minge.

Avlingane i haust kan komme til ein dyrare pris.

Sjølv om tida er knapp før våronna, har ikkje den lokale Sp-leiaren mista håpet.

– Eg håpar vi får på plass ei løysing. Men det krev politisk mot, og at fleire parti enn oss viser handlekraft.

Tøft for verdsøkonomien

Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag, seier tida framover blir utfordrande.

– Dyr energi er tøft for matproduksjonen, både i Noreg og globalt. Vi ser det særleg på prisane for mineralgjødsel, der naturgass er ein viktig innsatsfaktor, forklarer Gimming.

Leiar i Norges bondelag, Bjørn Gimming, er spent på kor lenge krisa varer.

Likevel minner han om at kvardagen har vore vanskelegare før.

– Heldigvis er vi eit stykke unna dei utfordringane vi fekk etter fullskala invasjonen av Ukraina i 2022. No blir det avgjerande kor lenge krisa varer.

Bondelagsleiaren meiner politikarane må ta grep for å auke inntekta til bøndene.

– Før eller sidan må nokon dekke desse kostnadene. Anten treng vi høgare pris på råvarene, kompensasjon i jordbruksoppgjeret, eller ein kombinasjon, seier han.

Utelukkar ikkje tiltak

Finansminister Jens Stoltenberg ser ikkje bort frå at det kan bli tatt grep for å senke drivstoffprisane.

I spørjetimen på Stortinget onsdag fekk finansminister Jens Stoltenberg (Ap) spørsmål frå fleire hald om dei høge prisane.

Finansministeren meiner framleis det er for tidleg å seie om dei skal innføre tiltak, men har ikkje lukka døra heilt.

– Vi vil ikkje utelukke at vi ser på tiltak som ein del av arbeidet med budsjettet, seier Stoltenberg.

🏷️ Extracted Entities (21)

Tore Weel (person) Bjørn Gimming (person) Industri og næring (Østfold) 📁 (category) Jordbruk i Østfold 📁 (category) Landbruk 📁 (category) Østfold 📁 (category) Jens Stoltenberg Ap (person) Torsnes (place) Østfold (entity) Fredrikstad (place) Iran (entity) KI (entity) Mattis Høie Minge (person) Noreg (entity) Noregs Bondelag (person) Norge (entity) OpenAI (entity) Senterpartiet (entity) Sp (entity) Stortinget (entity) Ukraina (entity)

📊 Metadata

Category: Østfold, Jordbruk i Østfold, Landbruk, Industri og næring (Østfold)
OpenGraph Title: Auka bensinprisar råkar bøndene: – Det byrjar å bli kritisk
Twitter Title: Auka bensinprisar råkar bøndene: – Det byrjar å bli kritisk