Herold

Bergen kommune stadfestar: Telefonloggar inn og ut frå kommunen ute på det mørke nettet

Kilde: NRK Author: Laurita Fure Briceño Published: 2026-03-19 14:02:54 Last updated: 2026-03-19 20:10:15
Bergen kommune stadfestar: Telefonloggar inn og ut frå kommunen ute på det mørke nettet

At det no også gjeld inngåande samtaler gjer saka berre enda verre, seier finansbyråd Eirik Tenfjord (H) til NRK.

– At det no også gjeld inngåande samtaler gjer saka berre enda verre, seier finansbyråd Eirik Tenfjord (H) til NRK.

Tidlegare i år kom nyheita om at teleoperatøren Telia var råka av eit stort datainnbrot.

No viser det seg at den ulovleg spreidde informasjonen er meir omfattande og alvorleg enn først antatt.

Bergen kommune er blant Telia-kundane som er råka.

Først melde kommunen at loggen om utgåande telefonar og meldingar frå kommunen var stole og lagde ut på «det mørke nettet».

Torsdag stadfestar kommunen at også inngåande telefonar og meldingar er lekne ut.

– Om innbyggarar har tatt kontakt og ringt inn på eit av tenestenummera våre, så kan det altså vere synleg for eksterne aktørar, seier Tenfjord.

Telefonloggen for kommunen sine kontaktsenter er dermed eksponert på det mørke nettet.

– Det kan vere sentralbord, skule, barnehage eller kva som helst anna kommunal teneste, seier Tenfjord.

Det er ikkje snakk om at det konkrete innhaldet i kommunikasjonen er lekka, men atkommunikasjonen har skjedd.

Totalt er over ein halv million privatkundar og 3000 bedriftskundar blant dei råka av lekkasjen.

Også 16 andre norske kommunar, med eit ukjend antal telefonar, skal ha blitt råka.

– Går gjennom dette kvar bidige dag

Kommunen ser svært alvorleg på angrepet, som no viser seg å vere meir omfattande enn det først verka.

Frå før var det kjent at informasjon om utgåande telefonar og meldingar i perioden 2021 til april 2024 hadde leke ut.

No viser det seg også at inngåande telefon- og meldingslogg frå perioden oktober 2024 til april 2025 er eksponert i lekkasjen.

– Dette er informasjon som aldri skulle ha lege ute, og som no er blitt gjort tilgjengeleg på det mørke nettet. Så det er klart at også her kan det vere sensitiv informasjon, seier Tenfjord.

I praksis betyr det at ein kan finne ut kva enkeltpersonar som har kontakta kommunen, og kva avdeling dei har kontakta.

– Altså kva tenester til dømes naboen din kan ha kontakta. Det er kanskje uproblematisk for dei fleste, men i enkelte tilfelle kan det vere sensitivt.

– Råka enkeltpersonar kan ha behov for å gjere tiltak for å beskytte seg mot svindelforsøk, seier Tenfjord.

Kommunen har framleis ikkje det fulle bildet av kva informasjon som ligg ute.

– Vi analyserer og går gjennom dette kvar bidige dag, og håpar at vi snart kan få sett ein strek for saka.

– Grov, omfattande datakriminalitet

– Telia har blitt utsett for grov, omfattande datakriminalitet. Kundar har fått kontaktinformasjon på avvege, og det er vi oppriktig lei oss for, seier informasjonssjef Daniel Barhom i Telia Norge.

Hackargruppa hevdar å sitte på 2,5 terabyte med personleg informasjon om kundar, finansielle dokument, intern korrespondanse, kontraktar og fakturaer frå Telia.

Om lag 3000 bedriftskundar og over ein halv million privatkundar er råka av datainnbrotet.

– Vårt viktigaste ansvar no er følge opp råka kundar og tilsette, og samarbeide tett med alle relevante myndigheiter, seier Barhom.

Dei arbeider seg framleis gjennom det stolne materialet og informerer fortløpande dei som har fått sensitiv informasjon på avvege.

– Vi ser svært alvorleg på datainnbrotet, og betydelege ressursar er kopla inn for både å handtere, undersøke og medverke til å avgrense skadane av dette, seier Barhom.

Vil informere innbyggarane

Bergen kommune går ut med dette for å informere innbyggarane som kan vere råka av lekkasjen.

– Vi har eit ansvar. Vi skal vere opne om det som har skjedd, og innbyggarane har rett til å vite det.

Tenfjord seier at kommunen vil publisere informasjon om korleis innbyggarane som kan vere råka kan beskytte seg mot svindelforsøk.

No gjer dei risikovurderingar i alle byrådsavdelingar og i alle tenestene for å vurdere korleis dei skal handtere saka vidare.

Bergen kommune er ein av 17 kommunar som er råka av datainnbrotet.

Blir etterforska av Kripos

Politiadvokat Terje Nedrebø Michaelsen i Kripos har tidlegare stadfesta at dei etterforskar datainnbrotet, som blei politimeldt 9. februar.

Saka blir framleis etterforska. Det er førebels ikkje noko nytt å melde, ifølge pressevakt Jonas Fabritius Christoffersen.

Kripos gjennomfører tekniske og taktiske undersøkingar for å finne ut korleis innbrotet har skjedd og kven som står bak.

Dei har førebels ikkje identifisert nokon mistenkte.

Men Barhom i Telia Norge sa førre veke at selskapet veit kven som står bak lekkasjen.

Om lag 3000 bedriftskundar og over ein halv million privatkundar er råka av datainnbrotet.

– Utover at dette er ein kriminell aktør, ønskar vi ikkje å gå inn i detaljar om kven dei er eller kva motivasjon dei kan ha, sa han til Bergensavisen.

Telia oppdaga datainnbrotet i november 2025, men dei opplyste ikkje offentleg om det før i februar i år, etter at hackargruppa sjølv varsla om lekkasjen.

Selskapet opplyste 4. mars at det ikkje har vore nokon form for kontakt mellom hackergruppa og Telia Norge.

🏷️ Extracted Entities (10)

Telia Norge (person) Daniel Barhom (person) Dataangrep og hacking 📁 (category) Personvern 📁 (category) Bergensavisen (entity) Eirik Tenfjord H (person) Kripos (entity) Tenfjord (place) Jonas Fabritius Christoffersen (person) Terje Nedrebø Michaelsen (person)

📊 Metadata

Category: Dataangrep og hacking, Personvern