Gir seg
Plus
Liv Signe Navarsete gir seg som statsforvaltar.
Ho har søkt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om avskjed frå stillinga som statsforvaltar for Vestland fylke.
Det melder Statsforvaltaren på sine nettsider torsdag.
Nrk omtalte saka først.
– Det har vore eit privilegium å få leia embetet og jobba saman med så mange dyktige medarbeidarar om eit viktig samfunnsoppdrag. Samstundes kjenner eg at tidspunktet no er rett for å gi stafettpinnen vidare, seier Navarsete.
– Givande og krevjande
Navarsete har vore statsforvaltar i Vestland sidan 1. september 2022.
– Rolla som statsforvaltar er både givande og krevjande. Etter fleire år med høgt tempo og mykje reising i eit stort fylke, ønskjer eg meir tid til familie og andre prioriteringar, seier ho.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet leier prosessen med å rekruttera ny statsforvaltar.
Navarsete held fram i stillinga til 1. september 2026.