Herold

- Har ikkje vurdert å ha parkering på Sandliane

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan-Egil Dyvik Published: 2025-11-30 04:17:00
- Har ikkje vurdert å ha parkering på Sandliane

Området på Sandliane er ikkje vurdert som aktuelt parkeringsområde for verken Helsehuset eller den nye barnehagen ved Jebsahuset.

BKK ikkje kontakta

Ikkje parkering på Sandliane

Det skriv kommunalsjef Åse Elin Myking, i eit svar på eit skriftleg spørsmål som Lisa Lunde (Ap) har levert.

Lunde har også spurd om kommunen har hatt dialog med Eviny om det er mogeleg å etablera ei mellombels fotballbane på området ved sida av Turbinen.

  • BKK er grunneigar i dette området, dei er ikkje blitt kontakta så langt. Området vert brukt til bygg og infrastruktur for kraftnettet, om dette kan flyttast er uvisst. Delar av området ligg i faresona for skred. Det må gjerast nærare undersøkingar for å kunna vurdera om dette området er eigna for mellombels bane, svarer Myking.

I samband med planane om ny barnehage på Dale og riving av 1930-bygget ved Helsehuset, er det trong for parkering for barnehagen og tenestebilar til heimesjukepleia.

  • Sandliane vil liggja nær begge desse funksjonane som vil ha behov for parkering. Er det risiko for at Sandliane må brukast til dette føremålet i framtida, og at ei eventuell midlertidig fotballbane der må fjernast? spør Lunde også.

Begge byggjeprosjekta er i ein tidleg fase, parkering vert greidd ut nærare i prosjektfasen, svarer Myking.

  • For barnehagen er det tenkt bringe/henta-løysing med korttidsparkering på tomta. For Helsehuset er det i hovudsak tenkt parkering som i dag og eventuelt nokre plassar til på tomta. Det er for tida ikkje planlagt parkering på Sandliane, konkluderer Myking.

9ar-bane på Sandliane skal vurderast

Spør om ballbane, barnehage og oppveksttun